Tiltak for Lånekassens kundar under koronakrisa

Sist oppdatert: 03.04.2020
Mange studentar har mista inntekt frå deltidsjobbar som følgje av koronasituasjonen. Regjeringa har uttalt at dei vil hjelpe studentar gjennom ein vanskeleg økonomisk situasjon.

Denne artikkelen vil bli oppdatert når ny forskrift er klar. Her finn du pressemeldinga frå regjeringa om dei planlagte tiltaka. 

Lånekassen utbetaler resten av studiestøtta i april

I april betaler vi ut heile beløpet av det du har igjen av studiestøtta for vårsemesteret. Vi kjem med meir informasjon om dette i løpet av kort tid.

Studentar kan søkje om tilleggslån på 26 000 kroner 

Studentar som kan bekrefte at dei har mist inntekt på grunn av koronasituasjonen, kan søkje om eit tilleggslån på 26 000 kroner. Du kan søke om dette tilleggslånet i løpet av mai. Lånekassen kjem med meir informasjon om når du kan søke om dette lånet etter kvart.

Studentar som kan dokumentere at dei har mist inntekt på grunn av koronasituasjonen, vil på eit seinare tidspunkt få 8 000 kroner av dei 26 000 kronene som stipend.   

Utvida søknadsfrist til 15. april

Vi har utsett søknadsfristen for lån og stipend med éin månad, til 15. april. Det gir studentar som ikkje har teke opp lån og stipend moglegheita til å søkje om støtte. I tillegg kan dei som har søkt om mindre enn maksbeløpet, søkje på nytt dersom dei ønskjer å få auka beløpet.