Kor mykje kan eg få i 2017-2018?

Sist oppdatert: 12.04.2017
Her finn du ei oversikt over dei vanlegaste typane stipend og lån, med satsane for undervisningsåret 2017-2018.

Du kan bruke støttekalkulatoren til å berekne kor mykje du kan få.

Støttekalkulator

Eg skal studere i Noreg eller eit anna nordisk land

Beløpa i tabellen er maksimale satsar for heile undervisningsåret 2017-2018.

Totalt Stipend Lån
Basisstøtte* 111 657 kr 44 663 kr** 66 994 kr
Skolepengelån 63 070 kr 0 kr 63 070 kr

*Støttebeløpet føreset at Stortinget løyver pengar til framleis opptrapping til 11 månaders studiestøtte i statsbudsjettet for 2018.
**Du kan få gjord om lån til stipend dersom du er bortebuar og oppfyller krava for omgjering.

Skal du studere på deltid får du 50, 67 eller 75 prosent av det vanlege støttebeløpet. Les meir om deltidsutdanning her. Du får ikkje støtte til deltidsutdanning utanfor Noreg.

Dersom du har barn fødd i 2002 eller seinare som du bur saman med, kan du få inntil 16 570 per barn i forsørgjarstipend for heile undervisningsåret.

Søknaden for studentar i høgare og anna utdanning for undervisningsåret 2017-2018 opnar i slutten av april.

Eg skal studere i utlandet (utanfor Norden)

Beløpa er maksimale satsar for heile undervisningsåret 2017-2018.

Type støtte

Totalt

Stipend

Lån

Basisstøtte

111 657 kr

44 663 kr*

66 994 kr

Støtte til dekking av skolepengar

129 062 kr

Blir utbetalt dels som stipend, dels som lån

 

Tilleggslån til dekning av skolepengar

100 000 kr

0 kr

100 000 kr

Reisestøtte

Avhenger av kor du studerer.

35 %

65 %

*Du kan få gjord om lån til stipend dersom du består utdanning og har inntekt og formue under grensene. Les meir om omgjering av lån til stipend for studentar i utlandet.

Du kan få tilleggsstipend til dekking av skolepengar dersom du skal betale meir enn Lånekassens satsar i skolepengar og går på eit universitet som er på tilleggsstipendslista.

Dersom du har barn fødd i 2002 eller seinare som du bur saman med, kan du få inntil 16 570 per barn i forsørgjarstipend for heile undervisningsåret.

Søknaden for studentar i høgare og anna utdanning for undervisningsåret 2017-2018 opnar i slutten av april.

Eg er elev i vanleg vidaregåaende opplæring

Dei som går på vanleg vidaregåande skole og som har ungdomsrett, får stipend frå Lånekassen etter andre reglar enn studentar i høgare utdanning.

Alle elevar i vanleg vidaregåande opplæring med ungdomsrett får eit utstyrsstipend. Kor stort utstyrsstipend du får, kjem an på kva slags utdanningsprogram du tek. Utstyrsstipendet blir utbetalt som ein eingongssum.

1 014 kroner per undervisningsår
 2 245 kroner per undervisningsår  3 750 kroner per undervisningsår


Studiespesialisering 
(unnateke studiespesialisering med 
fordjuping i formgivingsfag 
og studiespesialisering med 
toppidrett som ”fag frå 
andre programområde”)

Helse- og oppvekstfag

Medier og kommunikasjon

Service og samferdsel

Design og handverk,
programområde for medieproduksjon

 

 

Studiespesialisering 
med fordjuping i formgivingsfag 
og studiespesialisering med 
toppidrett som 
”fag frå andre programområde”

Elektrofag

Musikk, dans og drama

Naturbruk

Bygg- og anleggsteknikk

Teknikk og industriell produksjon

Kunst, design og arktitektur

 

Idrettsfag


Design og handverk, unnateke 
programområde for medieproduksjon


Restaurant- og matfag

 

 

 

 

 

Bustipend

Du kan få eit bustipend på 4 359 kroner per månad dersom du må bu borte frå foreldra dine mens du går på skolen. Du kan lese meir om vilkåra du må oppfylle for å få bustipendet her.

Grunnstipend

Elever i vidaregåande skole frå familiar med svak økonomi kan få eit grunnstipend på 1 055, 2 109 eller 3 167 kroner i månaden. Det er inntekta til foreldra dine som avgjer om du kan få grunnstipend.

Du finn ei meir utfyllande oversikt over dei forskjellige typane stipend og lån for elevar i vidaregåande her.

Søknaden for vidaregåande opplæring opnar i juni. Er du elev i vidaregåande opplæring, må du ha opptak og skoleplass før du kan søkje.