Kor mykje kan eg tene utan å få redusert stipendet?

Sist oppdatert: 28.05.2018
Er du i høgare utdanning og inntekta di er over grensene, kan du få mindre lån gjort om til stipend.

Har du høg inntekt, har du framleis rett til å få lån frå Lånekassen, men du kan miste retten til stipend. For å ha rett til full omgjering av lån til stipend for 2018, kan du ikkje tene over 177 257 kroner i 2018. Har du avslutta utdanninga våren 2018, eller fått støtte i sju månader eller mindre i 2018, er grensa på 443 142 kroner.

Dersom du har inntekt over grensa, blir stipendet gradvis redusert, alt etter kor stor inntekta din var. Les om korleis vi reknar ut reduksjon av stipendet.

Kven kan få gjort om lån til stipend?

For å få gjort om lån til stipend må du ha lån som kan bli gjort om til stipend (omgjeringslån). Det får du dersom du er bortebuar i perioden du får støtte. Dersom du har inntekt eller formue over grensene, kan mindre av dette lånet bli gjort om til stipend. Kor stort omgjeringslån du har, kan du sjå på Dine sider under «omgjering». Elever i vanleg vidaregåande får ikkje gjort om lån til stipend.

Les meir om omgjering av lån til stipend.

Kva inntekter tel med?

Lånekassen bruker person- og kapitalinntekta som er oppført på fastsetjinga av formues- og inntektsskatt for 2018 (likninga). Vi reknar med alle inntektene dine før frådrag, unnateke renteinntekter av BSU-sparing.

Vi får opplysningane om inntekt og formue direkte frå skatteetaten når fastsetjinga di er klar. Du treng derfor ikkje sende inn dokumentasjon på inntekter til oss.

Ein del skattbare trygde- og pensjonsytingar blir rekna som inntekt, men har ei lågare grense enn anna inntekt

Vi reknar også med formue

Formuen vi ser på, er netto formue, slik den står på fastsetjinga (likninga). Netto formue er verdien av det du eig, minus den totale gjelda di. Vi får opplysningane om formuen din direkte frå skatteetaten.

Grenser for formue

Det er ulike grenser for formue for einslege og gifte. Vi reknar deg som gift også dersom du har ein sambuar som du har felles barn med.

I 2018 er grensa for einslege 403 264 kroner i formue.

I 2018 er grensa for gifte 774 502 kroner i formue.

Har du formue over grensa, blir stipendet gradvis redusert, alt etter kor langt over grensa formuen din er. Les om korleis vi reknar ut reduksjon i stipendet.

Sjå korleis inntekta og formuen din påverkar stipendet

Du kan rekne ut kor mykje stipend du kan få i støttekalkulatoren. Du må først rekne ut kor mykje du kan få i stipend og lån dette undervisningsåret, før du kan sjå kor mykje lån du kan få gjort om til stipend.

Støttekalkulatoren gir berre ei simulering. Resultatet du får, er avhengig av informasjonen om inntekt og formue du sjølv legg inn.

Når skjer omgjeringa av lån til stipend?

Omgjeringa for 2018 skjer når vi får fastsetjinga for 2018, som først er klar i 2019. Vi får fastsetjinga direkte frå skatteetaten. Det vil derfor ta tid frå du har bestått fag/utdanning, til du får gjort om lån til stipend.