Kvifor har eg fått ein betalingsplan?

Sist oppdatert: 11.11.2019
Vi sender deg ein betalingsplan når du er ferdig med utdanninga di, eller ikkje lenger får stipend og lån til fulltidsutdanning.

Betalingsplanen viser når du skal begynne å betale, kor mykje du skal betale kvar månad og når du skal vere ferdig med å betale ned på lånet ditt.

Får du ein betalingsplan no, vil den første rekninga di ha betalingsfrist 15. februar. Du kan begynne å betale ned på studielånet når som helst etter at du er ferdig med utdanninga di, uavhengig av betalingsplanen.

Eg har sendt ein søknad om støtte som ikkje er behandla enno

Vi sender deg betalingsplan sjølv om du ikkje har fått svar på søknaden din om stipend og lån enno. Har du søkt om støtte til fulltidsutdanning og søknaden blir innvilga, treng du ikkje å begynne å betale. Får du støtte til deltidsutdanning eller avslag på søknaden, er det riktig at du skal begynne å betale.

Eg er framleis student, kvifor har eg fått betalingsplan?

Du får ein betalingsplan når du ikkje lenger får stipend og lån frå oss. Det betyr at sjølv om du framleis studerer, men utan støtte frå Lånekassen, må du begynne å betale på lånet. Du får også tilsend betalingsplan dersom du tek deltidsutdanning, sjølv om du får stipend og lån til utdanninga di.

 

Du kan søkje om betalingsutsetjing

Dersom du ikkje kan betale ei rekning, kan du søkje om betalingsutsetjing. Du treng ikkje å ha ein spesiell grunn for å få betalingsutsetjing. Du treng ikkje å søkje om betalingsutsetjing før du har fått ei rekning.

Det blir rekna renter på lånet

Når du er ferdig med utdanninga eller studerer utan å få lån og stipend frå Lånekassen, blir det rekna renter på lånet. Studerer du utan stipend og lån, eller tek deltidsutdanning, kan du søkje om å få sletta rentene som er lagde til lånet ditt i studietida.

Omgjering av lån til stipend

Omgjeringa av lån til stipend skjer året etter at du fekk støtte, når skatteetaten sender fastsettinga (likninga) di til oss. Det vil seie at du må vente til 2020 for å få omgjering for utdanning bestått i 2019.

Eg har berre søkt om stipend, kvifor har eg fått betalingsplan?

Sjølv om du berre har søkt om stipend, blir denne støtta også utbetalt som eit lån. Dette lånet kan først gjerast om til stipend året etter at du fekk støtte. 

Dersom du ventar på å få lånet gjort om til stipend, kan du søkje om betalingsutsetjing fram til omgjeringa skjer. Dette gjer du på Dine sider. Rentene som er blitt lagde til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta.