Nå sender vi ut betalingsplaner

Sist oppdatert: 12.12.2017
Når du er ferdig med utdanninga di, eller ikkje lenger får stipend og lån til fulltidsutdanning, får du ein betalingsplan av oss.

Betalingsplanen viser

  • når du skal begynne å betale
  • når det har blitt lagt til renter på lånet ditt
  • kor store avdraga er
  • når lånet ditt vil vere innfridd

Den første rekninga din vil ha betalingsfrist 15. februar. Men du kan begynne å betale ned på studielånet når som helst etter at du er ferdig med utdanninga di, uavhengig av betalingsplanen. Du finn KID- og kontonummer du skal bruke på Dine sider. KID-nummeret ditt er fast og knytt til deg personleg, og du kan bruke det til å betale ned på gjelda dine også utanom dei vanlege rekningane.

Du kan søkje om betalingsutsetjing

Dersom du ikkje kan betale ei rekning, kan du søkje om betalingsutsetjing. Du treng ikkje å ha nokon spesiell grunn for å få betalingsutsetjing, og du kan få utsett betalinga i inntil tre år til saman.

Eg er framleis student, kvifor har eg fått betalingsplan?

Dersom du studerer, men utan støtte frå oss, får du ein betalingsplan og må begynne å betale på lånet. Er du deltidsstudent får du også ein betalingsplan, sjølv om du får stipend og lån.

Er du heiltidsstudent, men utan å motta stipend og lån, kan du ha rett til sletting av renter på lånet ditt i perioden du har studert utan støtte. Dette føreset at du ville fått støtte, dersom du hadde søkt om det.

Eg har berre søkt om stipend, kvifor har eg fått betalingsplan?

Sjølv om du berre har søkt om stipend, blir stipendet først utbetalt som eit lån. Dette lånet blir kalla omgjeringslån og blir gjort først om til stipend etter at utdanninga er bestått og du har oppfylt dei andre vilkåra for omgjering av lån til stipend. Dersom heile gjelda din er omgjeringslån, kan du søkje om betalingsutsetjing fram til omgjeringa skjer.

Les meir om overgangen frå student til tilbakebetaler her.