Når kjem pengane i januar?

Sist oppdatert: 21.12.2018
Utbetalinga for vårsemesteret startar i byrjinga av januar. Før du får pengane, må nokre vilkår vere oppfylt.

Du kan sjå om du har oppfylt vilkåra på utbetalingssida på Dine sider.

Logg inn på Dine sider

For deg som går på vidaregåande

Får du bustipend, grunnstipend eller lån må

  • skolen din ha meldt frå til oss om at du har møtt til undervisning.
  • du ha registrert eit gyldig kontonummer.
  • avtalen om støtte vere signert.

NB: Utstyrsstipend blir berre utbetalt ein gong for kvart undervisningsår. Det betyr at du som søkte om støtte for heile året, fekk heile utstyrsstipendet utbetalt ved skolestart.

For deg som tek høgare eller anna utdanning

For å få pengane utbetalt må du

  • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og meldt deg opp til eksamen.
  • signere avtalen om støtte. Har du fått støtte for heile undervisningsåret (2018-2019), treng du ikkje signere på nytt.
  • ha registrert eit gyldig kontonummer.

Utbetaling av støtte til studium i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gong i starten av kvart semester.