Korleis får eg pengane?

Sist oppdatert: 02.08.2019
For at vi kan utbetale stipend og lån må søknaden din vere ferdig behandla, og du må ha oppfylt alle vilkåra våre. Logg inn på Dine sider for å sjå status på søknaden din, om du har oppfylt alle vilkåra og når du kan få pengane utbetalt.

Det er ikkje garantert at du får pengane utbetalt på datoen som er oppgitt på Dine sider. Denne datoen viser når du tidlegast kan få pengane utbetalt dersom alle vilkåra er oppfylt.

Når du får e-post frå oss om at pengane er overført, vil det ta 2-3 verkedagar til du har pengane på kontoen din.

For deg som går på vidaregåande skole

For å få utbetalt utstyrsstipend, bustipend, grunnstipend eller lån må

  • du ha signert avtalen om støtte. Er du under 18 år er det ein av foreldra dine som skal signere avtalen om støtte.
  • du ha registrert eit gyldig kontonummer.
  • lærestaden din ha meldt inn at du har møtt til undervisning. Det tar cirka ei veke frå lærestaden din har sagt at du har møtt til vi har registrert det, og kan overføre pengane.

For deg som går høgare utdanning

For å få pengane utbetalt må du

  • signere avtalen om støtte.
  • ha registrert eit gyldig kontonummer.
  • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og meldt deg opp til eksamen, slik at vi får bekrefta studentstatusen din frå lærestaden.

For deg som er student i utlandet

Utbetaling av støtte til studier i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, ein gang i starten av kvart semester.