Når får eg svar på søknaden?

Sist oppdatert: 05.10.2018
Har du sendt ein søknad og ventar på svar, kan du sjekke status på Dine sider. Søknaden står anten i behandlingskø, eller så ventar vi på dokumentasjon frå deg.

I dei fleste tilfelle blir søknader behandla automatisk og du får svar innan ein vyrkedag. Dersom søknaden din må behandlast av ein saksbehandlar, vil søknaden din få status om at den er i behandlingskø eller at vi ventar på dokumentasjon frå deg. Du kan sjekke status på søknaden din på Dine sider, men ver merksam på at det kan litt tid frå du sender inn ein søknad til den blir vist på Dine sider.

I behandlingskø

Er søknaden din i behandlingskø, vil du få opp den datoen vi forventar at søknaden din skal vere ferdigbehandla.

Skjermdump søknad i behandlingskø

Venter dokumentasjon frå deg

Har søknaden din status "venter dokumentasjon frå deg", betyr det at før vi kan behandle søknaden din, må du sende inn dokumentasjon. Du fekk melding om kva slags dokumentasjon du skal sende inn, då du sende inn søknaden.

Kort tid etter at du har lasta opp dokumentasjonen, vil søknaden få status "i behandlingskø" og du får informasjon om når vi forventar at søknaden din skal vere ferdigbehandla.


Skjermdump vi venter på dokumentasjon

Andre behandlingstider

Kor lang er behandlingstida no?

Her ser du forventa behandlingstid for ulike typar søknader og brev/e-postar. Vi seier oss leie for at saksbehandlingstida kan vere lang, og vi gjer alt vi kan for at du skal få svar så fort som råd.

Behandlingstid for søknader om stipend og lån

Dei fleste søknader om utdanningsstøtte blir behandla automatisk, og du får svar i løpet av ein vyrkedag.

Somme søknader må ein saksbehandlar sjå på, og dei blir sette i ein behandlingskø. Behandlingstida for desse sakene er for tida 6-8 veker. Du finn venta svartid for søknaden din på Dine sider.

Behandlingstid for andre typar søknader

  • ekstrastipend: 6–8 veker
  • foreldrestipend: 8–12 veker
  • sjukestipend: 10–16 veker

Nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad

Dersom du sender inn nye opplysningar til ein ferdigbehandla søknad om støtte, er behandlingstida for tida 10–14 veker.

I postkassen på Dine sider ser du når vi fekk dokumentasjonen frå deg.

Behandlingstid når vi ber om meir dokumentasjon frå deg

Dersom ein saksbehandlar ser at vi treng meir dokumentasjon frå deg, får du ei melding om å sende inn dette. Når du har sendt inn tilstrekkeleg dokumentasjon, blir søknaden din behandla på nytt, og du vil få svar etter ca. tre veker.

Behandlingstid på klagar

Venta behandlingstid på klagar er for tida 7–8 veker. Dersom du har ein klage som skal avgjerast i klagenemnda, finn du informasjon om møtedatoar her.

Svartid på e-post

E-post du har sendt via Dine sider, får du svar på innan 10 vyrkedagar. Dersom meldinga di gjeld bachelorgrad eller mastergrad i utlandet, vil det kunne ta noko lengre tid før du får svar.