Når kjem pengane for vårsemesteret 2020?

Sist oppdatert: 20.12.2019
For dei fleste startar utbetalinga av lån og stipend for vårsemesteret i starten av januar. Før du får pengane, må nokre vilkår vere oppfylte.

Du kan sjå om du har oppfylt vilkåra på utbetalingssida på Dine sider. Det er ikkje garantert at du får pengane utbetalt på datoen som er oppgitt på Dine sider. Denne datoen viser når du tidlegast kan få pengane utbetalt, dersom alle vilkåra er oppfylte.

Når du får e-post frå oss om at pengane er overførte, tar det 2-3 verkedagar til du har pengane på kontoen din.

Logg inn på Dine sider

For deg som går på vidaregåande skole

For å få utbetalt bustipend, grunnstipend eller lån må

  • du ha signert avtalen om støtte. Er du under 18 år er det ein av foreldra dine som skal signere avtalen om støtte. Har du fått støtte for heile undervisningsåret (2019–2020), treng du ikkje å signere på nytt.
  • du ha registrert eit gyldig kontonummer på Dine sider.
  • skolen din ha meldt frå til oss om at du har møtt til undervisning. Det tar cirka ei veke frå skolen din har sagt at du har møtt til vi har registrert det, og kan overføre pengane.

Hugs at utstyrsstipend blir utbetalt éin gang for kvart undervisningsår. Det betyr at om du søkte om støtte for heile året, fekk du heile utstyrsstipendet utbetalt ved skolestart i haust.

For deg som tek høgare eller anna utdanning

For å få pengane utbetalt må

  • du signere avtalen om støtte. Har du fått støtte for heile undervisningsåret (2019–2020), treng du ikkje å signere på nytt.
  • ha registrert eit gyldig kontonummer på Dine sider.
  • vere registrert som aktiv student. Du må for eksempel ha betalt semesteravgift og melde deg opp til eksamen. Når du har gjort det, får vi beskjed direkte frå lærestaden din.

For deg som er student i utlandet

Utbetaling av lån og stipend til studiar i utlandet skjer to gonger per undervisningsår, éin gong i starten av kvart semester. Støtta for vårsemesteret (Semester 1, 2020) blir tidlegast utbetalt i starten av desember 2019.