Når får eg pengane?

Sist oppdatert: 25.09.2017
Det tek eit par dagar frå alle vilkåra for utbetaling er i orden, til du har pengane på konto. Har du ikkje fått svar frå Lånekassen enno, sjekkar du status på saka di på Dine sider.

Vi utbetaler stipend og lån den 15. i kvar månad gjennom semesteret, men dersom den 15. fell på ei helg eller ein heilagdag, får du pengane tidlegare. Den aller første utbetalinga har ikkje ein fast dato, men blir utbetalt når vilkåra er oppfylte.

For elevar på vidaregåande blir heile utstyrsstipendet utbetalt ved skolestart. Studentar i utlandet får studiestøtta i ei utbetaling kvart semester.

Behandlingstid og status på Dine sider

Har du ikkje fått svar (vedtak) på søknaden din, kan du sjekke status på Dine sider. Søknaden vil anten ha som status at den står i behandlingskø, eller at vi ventar på dokumentasjon frå deg. Har du fått svar (vedtak og/eller avtale om støtte), men sendt inn nye opplysningar eller ein klage, kan du lese meir om behandlingstider her.

Status: «I behandlingskø»

Dersom søknaden din står i ein behandlingskø, betyr det at ein saksbehandlar må behandle søknaden din og du får opplyste den datoen vi forventar at søknaden din skal vere behandla.

skjermbilde behandlingstid

Status: «Ventar på dokumentasjon frå deg»

Denne statusen betyr at før vi kan behandle søknaden din, må vi få dokumentasjon frå deg. Då du sende inn søknaden din fekk du melding om kva dokumentasjon du må sende oss. Du finn også igjen dokumentasjonskravet på søknaden din på Dine sider.

Kort tid etter at du lastar opp dokumentasjonen, vil søknaden få status «I behandlingskø» og du får melding om når vi forventar at søknaden din skal vere behandla. Les meir om dokumentasjon her.

Skjermbilde Vi venter på dokumentasjon