No kan du søkje om stipend og lån for 2018–2019

Sist oppdatert: 05.07.2018
No kan studentar i høgare utdanning i Noreg og utlandet søkje om stipend og lån. Elever i vidaregåande opplæring må vente til dei har fått skoleplass og takka ja til den.

Høgare og anna utdanning

Studentar som skal ta høgare og anna utdanning i Noreg og utlandet kan no søkje om stipend og lån. Du må ha fått studieplass før du kan søkje.

Gå til søknaden

Vidaregåande opplæring

Du må vente med å søkje om stipend til du har fått skoleplass og takka ja til den.

Datoen for inntaket til vidaregåande skole varierer frå fylke til fylke. Datoene nedanfor kan endre seg, så følg med på vilbli.no for å vere sikker på når du får skoleplass i ditt fylke.

Fylke 1. inntak 2. inntak
Akershus 10. juli 25. juli
Aust-Agder 10. juli 5. aug.
Buskerud veke 27 veke 32
Finnmark veke 27 veke 29
Hedmark ca. 10. juli ca. 8. aug.
Hordaland 6. juli 30. juli
Møre og Romsdal ca. 6. juli ca. 3. aug.
Nordland 6. juli 27. juli
Oppland 7. juli 10. aug.
Oslo 10. juli 13. aug.
Rogaland ca. 5. juli ca. 26. juli
Sogn og Fjordane 4. juli 27. juli
Telemark

Prøveinntak: 31. mai

Hovudinntak: 6. juli

ca. 1. aug.
Troms 6. juli 27. juli
Trøndelag 10. juli ca. 9. aug.
Vest-Agder ca. 10. juli ca. 5. aug.
Vestfold 6. juli 3. aug.
Østfold 17. juli 10. aug.

Gå til søknaden

Er du lærling

Då må du vente med å søkje om stipend frå Lånekassen til arbeidskontrakten er godkjent av arbeidsgivaren din, og av fagopplæringskontoret. Les meir om kva du kan få frå Lånekassen som lærling.