No kan elevar med skoleplass søkje om stipend

Sist oppdatert: 05.07.2017
Elevar i vidaregåande opplæring kan søkje om stipend og lån når dei har fått opptak gjennom Vigo.

Har du takka ja til ein skoleplass, kan du søkje om stipend frå Lånekassen no.

Gå til søknaden

Det varierer når ulike fylke har opptak. På vilbli.no kan du sjå når fylket ditt har opptak.

Kom du ikkje inn på førstevalet ditt?

Då må du vente med å søkje om stipend til etter 1. august.

Det er også lurt å vente til du er heilt sikker på hva skole du skal gå på, så du slepp å søkje på nytt.

Er du lærling?

Vent med å søkje til lærekontrakta di er godkjent. Les meir om når lærlingar kan søkje om stipend.

Sjå kor mykje støtte du kan få frå Lånekassen.