Nye lærarar kan få sletta halvparten av studielånet

Sist oppdatert: 07.02.2018
Begynner du på ei femårig grunnskolelærar- eller lektorutdanning til hausten, kan du få sletta inntil 161 000 kroner av studielånet ditt.

For å auke rekrutteringa til lærarutdanningane og for å styrkje tilgangen på kvalifiserte lærarar i Nord-Noreg, er det innført nye ordningar for sletting av studiegjeld.

Ordninga gjeld for lærarstudentar som begynte i utdanninga frå og med studieåret 2017–2018 eller seinare, og gjelda kan bli sletta etter du har fullført utdanninga og jobba som lærer i grunnskolen eller i vidaregåande skole i ein periode etter studia.

Slik er ordningane

Dei som fullfører grunnskoleutdanning 1-7 kan få sletta 106 000 kroner av studielånet. Vilkåra er at du har fullført studia på normert tid og at du har jobba som lærer i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Dei som fullfører grunnskoleutdanning 5-10 kan få sletta 51 000 kroner av studielånet. Vilkåra er at du har fullført studia på normert tid og at du har jobba som lærer i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Dei som fullfører lektorutdanning kan få sletta 51 000 kroner av studielånet. Vilkåra er at du har fullført studia på normert tid og at du har jobba som lærer i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Dei som har fullført grunnskole- eller lektorutdanning og som har jobba som lærer i Nordland, Troms eller Finnmark, kan få sletta 55 000 kroner av studielånet. Det er ikkje eit krav at utdanninga er fullført på normert tid, men det er eit vilkår at du har jobba som lærer i Nordland, Troms eller Finnmark i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Dei forskjellige ordningane kan kombinerast. Dersom du for eksempel fullfører grunnskolelærar trinn 1-7 på normert tid og jobbar tre år som lærer i Nord-Noreg, kan du få sletta 161 000 kroner av studielånet.

Meir informasjon

Les meir om lærarutdanninga på utdanning.no. Du søkjer på lærarutdanninga på Samordna opptak. Fristen for å søkje høgare utdanning er 15. april.

Les meir om sletting av gjeld for lærarar.