Nye reglar for omgjering av lån til stipend

Sist oppdatert: 09.05.2019
Frå og med undervisningsåret 2019–2020 blir det endringar i reglane for omgjering av lån til stipend. Endringa gjeld berre for deg som tek høgare utdanning.

Du som går på høgskole eller universitet må no fullføre ein grad* for å få full omgjering frå studielån til stipend. Noko av lånet kan framleis bli gjort om til stipend etter kvart som du består studiepoeng, slik som i dag. For å ha rett til omgjering må du også bu borte frå foreldra dine, i tillegg til å ha inntekt og formue under grensene.

Omgjering for undervisningsåret 2018–2019 følgjer den tidlegare ordninga, som betyr at du berre må bestå studiepoeng undervegs i utdanninga di for å få omgjort inntil 40 prosent av basisstøtta. For undervisningsåret 2018–2019 må du derfor ikkje bestå ein grad for å få gjort om lån til stipend.

*I tillegg til dei vanlege bachelor- og mastergradane, er det nokre utdanningar som gir gradsomgjering sjølv om dei ikkje leier fram til ein grad. Desse er:

  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • Helsesjukepleiar (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Jordmor (vidareutdanning for sjukepleiarar)
  • Anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie

Ph.d.-utdanning i utlandet kan også gi gradsomgjering, men dette gjeld ikkje for ph.d.-utdanning teke i Noreg. Les meir om omgjering for utdanning bestått i utlandet her.

Vilkåra for omgjering i den nye ordninga

Du får utbetalt all støtta som lån i første omgang. Noko av lånet kallar vi omgjeringslån, og noko kallar vi gradsomgjeringslån.

Omgjeringslånet (25% av basisstøtta) kan bli gjort om til stipend kvart år dersom du har

  • bestått studiepoeng
  • hatt inntekt/formue/trygd under grensene
  • budd borte

Gradsomgjeringslånet (15% av basisstøtta) blir gjort om til stipend dersom du har

  • fullført ein grad
  • hatt inntekt, formue og trygd under grensene
  • budd borte

Du som søkjer om fullt lån og stipend: Du får like mykje utbetalt som før

Dersom du søkjer om fullt lån (både omgjeringslån og gradsomgjeringslån) og stipend, kjem du ikkje til å få mindre støtte utbetalt enn det du får i dag. Forskjellen er at ein del av studielånet, som vi kallar gradsomgjeringslån, først kan bli gjort om til stipend etter at du har fullført ein grad.

Du som søkjer berre om stipend: Du kan få mindre utbetalt enn før

Dersom du søkjer om berre stipend, må du velje om du ønskjer å få både omgjeringslån og gradsomgjeringslån. Omgjeringslånet utgjer 25 prosent av det du maksimalt kan få i basisstøtte, medan gradsomgjeringslånet utgjer 15 prosent. Søkjer du berre om omgjeringslånet, vil du dermed få mindre utbetalt.

Omgjering skjer framleis automatisk

Studerer du i Noreg, treng du ikkje å gjere noko for å få gjort om lån til stipend. Vi får eksamensresultata dine direkte frå skulen din, og får automatisk opplysningar frå skatteetaten dersom du har inntekt og/eller formue. Har du studert i utlandet, må du framleis sende inn kopi av vitnemålet ditt og offisiell karakterutskrift når du har fullført heile utdanninga di.

Når skjer omgjeringa?

Vi får opplysningar om inntekta og formuen din frå skatteetaten når fastsetjinga (likninga) er klar. Omgjering for eksamenar du har teke i 2019 vil derfor skje først sommaren/hausten 2020. Gradsomgjeringslånet ditt blir gjort om til stipend når lærestaden din har bekrefta at du har bestått ein grad, og vi har fått opplysningar om inntekta di.

Du kan lese meir om omgjering her.