Omgjeringa av lån til stipend for 2016 er i gong

Sist oppdatert: 23.11.2017
No har vi begynt å sende vedtak om omgjering av lån til stipend for 2016. Du får e-post frå oss når du kan sjekke omgjeringa på Dine sider.

Inntil 40 prosent av basisstøtta kan bli gjord om til stipend. Omgjeringa skjer på bakgrunn av informasjon om inntekt og formue, som vi får frå skatteetaten, og eksamensresultat vi har fått rapportert inn frå lærestadene. Omgjeringa skjer automatisk for dei fleste, men har du studert i utlandet må du sende eksamensresultata dine til oss sjølv.

Vi sender svara over fleire veker

Over 270 000 kundar skal få svar på kor mykje lån dei får gjorde om, og med eit så mange kundar klarer vi ikkje å behandle alt samtidig. Derfor vil det ta to-tre veker frå vi startar omgjeringa, til alle har fått svar frå oss. Det betyr at du kan måtte vente til starten av desember, før du får svar.

Vi bruker inntektsinformasjon og eksamensdata frå i fjor

Det er eksamensresultat og opplysningar om inntekt og formue for 2016 vi bruker til omgjering no. Omgjering for utdanning bestått i 2017 skjer sommaren/hausten 2018.

Les meir om omgjering av lån til stipend.

Har du fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend?

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn, og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming blir behovsprøvd mot inntekt, trygdeytingar og formue. Har du hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller deler av desse stipenda bli gjort om til lån.

Gå til Dine sider