Omgjeringa for 2017 er i gong

Sist oppdatert: 06.11.2018
No har vi begynt å gjere om lån til stipend for 2017. Du får ein e-post frå oss når vedtaket ditt om omgjering er klart.

Vi kan gjere om inntil 40 prosent av basisstøtta til stipend. Det skjer på bakgrunn av informasjon om inntekta og formuen din, som vi får frå skatteetaten, og eksamensresultata dine, som vi får frå lærestaden. Omgjeringa skjer automatisk for dei fleste, men dersom du har studert i utlandet må du sende inn eksamensresultata dine sjølv.

Les meir om omgjering av lån til stipend.

Vi sender svara over fleire veker

Over 270 000 kundar skal få svar på kor mykje lån dei får gjord om, og med så mange kundar klarer vi ikkje å behandle alt samtidig. Det betyr at du kan måtte vente til slutten av november før du får svar.

Vi bruker inntekt og studiepoeng frå 2017

Informasjonen om inntekt og formue vi bruker til å berekne kor mykje stipend du kan få, får vi frå skattefastsetjinga di for 2017. Sidan den følgjer kalenderåret og ikkje undervisningsåret, får du omgjering for utdanninga du bestod i kalenderåret 2017, altså for vårsemesteret 2016-2017 og haustsemesteret 2017-2018.

Du får omgjering for eksamensresultat frå 2018 når fastsetjinga din er klar i 2019.

Har du fått forsørgjarstipend eller ekstrastipend?

Forsørgjarstipend ved omsorg for barn og ekstrastipend ved nedsett funksjonsevne blir også behovsprøvd. Dersom du har hatt inntekt, trygd eller formue over grensene våre, kan heile eller delar av desse stipenda bli gjort om til lån.

Flyktningstipend

Flyktningstipend som er gitt for hausten 2017 blir behovsprøvd i denne omgangen, og kan bli gjort om til lån dersom du har hatt inntekt eller formue over grensene.