Skal du søkje om lån og stipend for neste studieår?

Sist oppdatert: 25.03.2020
Søknadsfristen for samordna opptak nærmar seg. Du kan ikkje søkje om lån og stipend ennå, men du kan førebu deg. Det er foreslått nye reglar som kan opne nye moglegheiter.

Regjeringa har foreslått nye reglar for lån og stipend for studentar på universitet, høgskole eller fagskole i studieåret 2020-2021. Du kan lese om forslaga lenger ned i artikkelen. 

Når kan du søkje om lån og stipend?

Dersom du har studieplass i 2020-2021, kan du tidlegast søkje i starten av mai 2020. Har du ikkje studieplass, må du vente til du har fått det. Søknadsbehandlinga går raskare dersom alt er i orden og du slepp å gjere endringar etter at du har søkt.

Basisstøtte

Basisstøtte er eit lån som skal dekkje kostnader til bustad, mat, bøker og liknande. Inntil 40 prosent av dette lånet kan bli gjort om til utdanningsstipend dersom du består utdanning. For å ha rett til dette stipendet må du også vere bortebuar og ikkje ha inntekt og formue over fastsette grenser.

Kor mykje du kan få, er avhengig av kor mange fag du planlegg å ta. For studieåret 2019–2020 er basisstøtta inntil 110 200 kroner for fulltidsutdanning.

Andre lån og stipend

I tillegg til basisstøtte kan du få andre stipend, som forsørgjarstipend, foreldrestipend og ekstrastipend. Skal du betale skolepengar, kan du få lån til det også. Studentar i utlandet kan både få lån og stipend til skolepengar, reiser og språkkurs.

Regjeringa har foreslått nye reglar for studieåret 2020–2021

Dei nye reglane er ikkje fastsette ennå, men blir det mest sannsynleg i løpet av april. Då kjem det meir informasjon på lanekassen.no om dei nye reglane. Samstundes oppdaterer vi satsane for lån og stipend til høgare utdanning.

Lån og stipend til deltidsutdanning under 50 prosent

I dag må du ta fag som utgjer minst 50 prosent av fulltidsutdanning for å få lån og stipend. Dette kravet er foreslått fjerna. Det betyr at du kan få lån og stipend uansett kor mange fag/studiepoeng du planlegg å ta.

Tilleggslån til somme grupper

Regjeringa har også foreslått at Lånekassen skal tilby tilleggslån frå og med studieåret 20202021. Tilleggslåna skal gjere det lettare for vaksne å ta utdanning. 

Det er foreslått at desse skal kunne få tilleggslån: 

  • Dei som er 30 år eller eldre og studerer ved universitet, høgskole eller fagskole, kan få tilleggslån på inntil 100 000 kroner per studieår og 200 000 kroner totalt.
  •  Dei som er 18 år eller eldre og har barn under 16 år, kan få tilleggslån på inntil 50 000 kroner per studieår og 100 000 kroner totalt.

Du kan ikkje få desse tilleggslåna samtidig. Dersom du har rett til begge, kan du berre søkje om eitt av dei. Den øvre grensa på 200 000 kroner er felles for dei to låna.

Hever aldersgrenser

I dag kan lånet du får frå Lånekassen, bli redusert om du er over 45 år når du avsluttar utdanninga, men for studieåret 2020–2021 er det foreslått at denne grensa blir heva til 50 år.

Med dagens reglar må heile lånet i Lånekassen vere tilbakebetalt innan du er 65 år. For studieåret 2020–2021erdet foreslått at denne grensa blir heva til 70 år.