Studere til hausten? Fem tips til lånekasse-søknaden

Sist oppdatert: 23.07.2018
Når du får studieplass i høgare utdanning eller på folkehøgskole til hausten, kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen.

Her er fem tips til søknadsprosessen:

  1. Bruk støttekalkulatoren for å berekne kor mykje lån og stipend du kan få. Du kan få inntil 108 250 kroner i basisstøtte for undervisningsåret 2018-2019. Du kan også ha rett til andre typar stipend og lån. Her finn du støttekalkulatoren.
  2. Søk om stipend og lån når du har fått studieplas, slik at du får pengane til studiestart. Her er søknaden.
  3. Skal du starte på eit studium i utlandet til hausten? Vent med å søkje om støtte til du har skaffa riktig dokumentasjon. Les om dokumentasjon her.
  4. Sjekk Dine sider. Her kan du følgje søknaden din og blant anna få vite forventa svardato. Logg deg inn på Dine sider her.
  5. Sett deg inn i vilkåra for utbetaling. For at du skal få utbetalt pengane, må du ha signert avtalen om støtte, registrert eit gyldig kontonummer, fått stadfesta opptak og betalt semesteravgift. Les meir om vilkåra her.

Elevar på vidaregåande kan søkje når dei har takka ja til skoleplass

Elevar i vidaregåande opplæring må vente med å søkje om støtte frå Lånekassen til dei har fått skoleplass og takka ja til den.

Lurer du på meir?