Har du fått di første rekning frå Lånekassen?

Sist oppdatert: 31.01.2020
Mange får den første rekninga si frå Lånekassen i desse dagar, med betalingsfrist 15. februar. Har du fått rekning frå Lånekassen, må du enten betale den eller søkje om betalingsutsetjing.

Studentar som enten er ferdige med å studere, ikkje får utbetalt lån og stipend frå Lånekassen til fulltidsutdanning, må begynne å betale på lånet sitt.

Usikker på kvifor du har fått rekning frå Lånekassen? Les meir om kva som kan vere grunnen til at du har fått ei rekning.

Du må betale rekninga, sjølv om du venter på omgjering

Har du fått rekning frå Lånekassen, men kan ikkje betale den, må du søkje om betalingsutsetjing. Det same gjeld om du berre søkte om stipend, og venter på å få gjort om alt lånet til stipend.

Lånet du fekk i 2019 kan ikkje bli omgjort før sommaren 2020. Grunnen til det er at Lånekassen må ha tal som viser kor mykje du tente og hadde i formue, for å sjekke om du har rett til stipend. Vi får desse tala direkte frå skatteetaten våren 2020, når skattefastsetjinga for 2019 er klar.

Rentene som er blitt lagd til det beløpet som blir gjort om til stipend, blir automatisk sletta. Det vil seie at du ikkje taper økonomisk på å betale på eit høgare lån fram til omgjeringa skjer.

Ikkje fått svar på søknaden din for 2019–2020?

Har du sendt inn ein søknad om lån og stipend for 2019–2020, men venter på at søknaden blir behandla, må du også enten betale rekninga eller søkje om betalingsutsetjing.

Skaff deg oversikt – logg inn på Dine sider

Logg deg inn på Dine sider for å sjå på betalingsplanen og rekninga di. Her kan du også søkje om betalingsutsetjing, dersom du ikkje kan betale rekninga.

Logg inn på Dine sider