Lånekassen sender elektroniske purringar

Sist oppdatert: 10.07.2017
Lånekassen sender no purringane elektronisk til kundar som har valt avtalegiro eller e-faktura. Har du avtalegiro må du derfor passe på at maksbeløpet i nettbanken er høgt nok.

Tidlegare i vår blei inkassoloven endra. Endringa opna for at purringar frå no av kan sendast elektronisk, i motsetning til tidlegare, der vi har vore pålagt å sende alle purringar per post.

Frå juli begynner vi å sende purringar elektronisk. Det er berre kundar som har valt elektroniske rekningar (avtalegiro eller e-faktura) som får purringar elektronisk. Dei som får rekningane i posten vil fortsatt få purringane i posten. Å få eventuelle purringar elektronisk gjer at du lettare kan betale purringa, uansett kvar du er.

Sett eit høgt nok maksbeløp i nettbanken

Når du får ei purring i nettbanken blir alle rekningane du ikkje har betalt slått saman til ein samla rekning. Det betyr at både purringa, purregebyret og ein ny månadstermin blir trekte i same avtalegiro. For kvar månad blir det lagt på eit nytt terminbeløp. Derfor er det viktig at du set eit høgt maksbeløp i nettbanken dersom du har avtalegiro. Vi trekkjer aldri meir enn det du skal betale.

Vel elektronisk rekning

Det er mange fordelar med å velje å få rekningane elektronisk. Med avtalegiro blir det månadlege trekt beløpet frå kontoen din utan at du treng å gjere noko. Kundar med avtalegiro får langt færre purringar enn dei som får papirfaktura. Du sparer også fakturagebyret.

Du kan opprette e-faktura eller avtalegiro på Dine sider.

Les meir om avtalegiro og e-faktura.