Årleg kontroll av utanlandsstudentar

Sist oppdatert: 07.03.2019
Tar du ein heil grad i utlandet, må lærestaden din kvart år fylle ut eit skjema som viser fagleg progresjon og kor mykje du eventuelt har betalt i skolepengar. Dette gjeld også om du nettopp har starta på graden din.

Alle som må dokumentere fagleg progresjon og betalte skolepengar, blir varsla om det. Vi sender deg ein e-post når skjemaet er tilgjengeleg på Dine sider.

Kva må du dokumentere?

Skjemaet vere førehandsutfylt med namnet ditt, lærestad, fødselsnummer og valutaen du eventuelt har betalt skolepengar i. Du finn berre skjemaet på Dine sider.

Lærestaden din må fylle ut informasjon på skjemaet som viser:

  • fagleg progresjon for kalenderåret 2018
  • om du har vore fulltidsstudent i kalenderåret 2018 og fram til datoen for utfylling av skjemaet
  • kor mykje skolepengar du eventuelt har betalt for undervisningsåret 2018–2019. Eventuelle stipend frå lærestaden, bu- eller andre kostnadar skal ikkje vere inkludert i skolepengebeløpet.

Fristen er 25. april 2019

Får du ikkje sendt inn skjemaet innan fristen, må du sende det så fort som mogleg. Du treng ikkje å melde frå til oss om at du ikkje rekk fristen. Betaler du skolepengar i avdrag til lærestaden, må du vente med å sende inn skjemaet til heile skolepengebeløpet er betalt.

Vi må ha fått skjemaet før vi kan behandle ein ny søknad frå deg. Ønsker du vidare støtte, må du hugse å søke om studiestøtte for neste undervisningsår. Søknaden for 2019-2020 opnar i mai.

Slik lastar du ned skjemaet

Når du har logga inn på Dine sider, kan du laste ned skjemaet ditt.

Skjermbilde nedlasting av c-skjema

Slik sender du inn skjemaet

Etter at lærestaden har fylt ut skjemaet, lastar du det opp på Dine sider på sida for årleg kontroll.

Illustrasjon opplasting av skjema

Du kan også sende skjemaet i posten til Lånekassen, Postboks 4551, 8608 Mo i Rana, eller per faks til +47 22 72 02 64. Skjemaet ditt blir behandla raskare når du lastar det opp framfor å sende det i posten.

Du kan sjekke om skjemaet er behandla på Dine sider

Vi sender ikkje svar på kontrollen, men du kan logge inn og sjekke status. Vel «årleg kontroll utlandsstudium» i menyen på Dine sider. Venta behandlingstid er 4–5 veker.

Les meir om årleg kontroll av fagleg progresjon og skolepengar.