Tilleggsstipendlista for 2020–2021 er klar

Sist oppdatert: 15.10.2019
Startar du på ei utdanning i undervisningsåret 2020–2021 må lærestaden din stå på tilleggsstipendlista for at du skal ha rett til tilleggsstipend.

Du finn den oppdaterte lista her.

Det er også eit vilkår at du betalar skolepengar som er høgare enn satsane våre for vanleg skolepengestøtte. Satsane for 2020–2021 blir først klare i mars 2020. Vilkåra for tilleggsstipend for 2019–2020 finn du her.

Kriterium for vurdering av lærestadane

Det er Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) som lager lista over lærestadar som gir rett til tilleggsstipend. Denne lista blir revidert kvart år. Vurderinga baserer seg på to ulike internasjonale rangeringar av forskingsuniversitet. Du kan lese meir om ordninga på Diku sine nettsider.

Ingen eigen søknad

Du treng ikkje å sende inn ein eigen søknad om tilleggsstipend. Dersom du har rett til lån og stipend, har fått opptak ved ein lærestad som er omfatta av ordninga og betalar skolepengar som er høgare enn satsane våre for vanleg skolepengestøtte, får du tilleggsstipend.

Kva skjer når lærestaden min ikkje er på tilleggsstipendlista lenger?

Var lærestaden din på tilleggsstipendlista da du starta på studiet, har du framleis rett til tilleggsstipend i normert tid for utdanninga.

Delstudium

Du kan også få tilleggsstipend etter dei same kriteria dersom du tek eit delstudium, det vil seie utdanning i utlandet som er ein godkjent del av ei utdanning som du har begynt på i Noreg.