Søknad om sletting av renter

Dette søker du om

I søknaden søker du om å få sletta renter som allereie er lagt til gjelda di. Du kan ikkje søke om å sleppe at renter blir lagde til framover i tid.

Behandlingstid

Du får ikkje endeleg svar på om du får sletta renter før vi har fått opplysningar om inntekta di i kalenderåret du søker om sletting av renter i. Den opplysninga får vi normalt sommaren året etter. Altså vil du ikkje få endeleg svar på ein søknad som gjeld 2023 før sommaren 2024.

Når søknaden din er behandla, får du derfor eit foreløpig vedtak der vi har vurdert om du er i ein situasjon som gir deg rett til sletting av renter. Dette vedtaket får du før vi kontrollerer inntekta di.

Gå til søknaden