E-faktura med avtalegiro er ikkje mogleg
Lånekassen tilbyr ikkje kombinasjon av e-faktura og avtalegiro. Du må velje enten det eine, eller det andre.
Avtalegiro
Avtalegiro er enkelt fordi du slepp å tenke på å betale eller godkjenne rekninga kvar månad. Du må sjølv passe at du har nok pengar på kontoen og at maksbeløpet er høgt nok. Dersom du byter bank, må du inngå ny avtale om avtalegiro.
E-faktura
E-faktura kjem rett inn i nettbanken din, og det einaste du må gjere er å godkjenne rekninga før den forfell. Dersom du ikkje har nok pengar på kontoen når rekninga forfell blir den ikkje betalt. E-faktura kjem opp i alle bankar du har konto i og eventuelt også i Vipps, så det er ingenting å passe på dersom du byter bank.
Papirfaktura
Vi anbefaler ikkje faktura på papir i posten. Det er fordi du må betale eit gebyr på 18 kroner per rekning. Dersom du likevel ønsker det, må du sørge for at Lånekassen til ei kvar tid har adressa til der du bur no. Du kan oppdatere adressa di på Dine sider.
Du må betale sjølv om du ikkje har fått rekning
Lånekassen sender rekning med terminbeløpet kvar månad. Dersom du av ein eller annan grunn ikkje får rekninga, er det likevel ditt ansvar å betale terminbeløpet kvar månad.