Overført til SI

Når studielånet er sagt opp er det Statens innkrevingssentral som krev inn lånet.

Oppsagte lån

  • Du må betale forseinkingsrente i staden for vanleg rente, på heile lånet.
  • Statens innkrevingssentral krev inn lånet på vegner av Lånekassen.
  • Undersøk om du kan ha krav på betalingsletter så tidleg som mogleg.

Når studielånet er oppsagt

Dersom du ikkje betaler studielånet ditt og heller ikkje søker om utsetting, vil vi etter kvart seie opp lånet ditt.

Kva betyr det at lånet er oppsagt?

Når lånet er oppsagt overtar Statens innkrevjingssentral (SI) arbeidet med å krevje inn pengane. Det kan samanliknast med at ei rekning blir sendt til eit inkassoselskap som krev inn betaling på vegne av den du skuldar pengar.

Når lånet er oppsagt, blir det lagt til forseinkingsrenter på heile gjelda di. Du bør vere klar over at ubetalt (forfalle) beløp aukar veldig raskt fordi forseinkingsrentene blir lagt til det ubetalte beløpet, saman med terminbeløpa du skulle ha betalt.

Dersom lånet blir oppsagt og overført til SI, risikerer du at lånet blir tvangsinnkravd.

Kva er tvangsinnkrevjing?

Tvangsinnkrevjing er at staten krev inn pengane du skuldar når du ikkje kan eller vil betale. Tvangsinnkrevjing kan blant anna føre til at det blir trekt ein månadleg sum direkte frå lønna eller trygda di, at det blir tatt pant i eigedelane dine. Du kan og betalingsmerknader som gir deg problem med å få lån andre stader.

Andre konsekvensar av oppsagt lån

Ein søknad om lån og stipend vil ikkje bli godkjent, dersom lånet ditt er oppsagt. For å få lån og stipend til ny utdanning må du vere a jour med betalinga av  studielånet ditt.

Lånet kan også bli det vi kallar for permanent oppsagt. Lånet kan bli permanent oppsagt om du ikkje betaler noko og heller ikkje søker om betalingsletter på tre år. Er lånet permanent oppsagt, mister du alle rettar hos Lånekassen, og du kan heller ikkje søke om betalingsutsetting eller andre betalingsletter. 

Ta kontakt dersom du har fått brev om permanent overføring av gjelda.

Dette kan du gjere dersom lånet er oppsagt

Du bør prøve å komme tilbake til vanleg nedbetaling hos Lånekassen så fort som mogleg.

Undersøk om du har rett til betalingsletter hos Lånekassen

Lånekassen har fleire ordningar for deg som har problem med å betale. Dersom du har rettar i Lånekassen, kan vi vurdere å trekke tilbake oppseiinga eller redusere det uteståande beløpet. Les meir om ordningar for deg som ikkje kan betale.

Ta kontakt før gjelda blir permanent overført

Før gjelda blir permanent overført til Statens innkrevjingssentral, vil du få varsel om det. Det er viktig at du tar kontakt dersom du har fått brev om permanent overføring av gjelda.

Sjølv om lånet har vore misleghalde i meir enn tre år, vil ikkje Lånekassen overføre gjelda permanent til SI dersom:

  • du har inngått ein betalingsavtale som du overheld
  • du har trekk i lønn eller trygd
  • du har betalt ein vesentleg sum i løpet av det siste året
  • du har dokumentert at du har rett til betalingsletting

 

Pant

Dersom du ikkje overheld betalingspliktene dine til Lånekassen, kan det bli tatt pant i eigedelane dine.

SI kan ta pant i eigedelar og formue

Når lånet ditt er oppsagt, kan Statens innkrevjingssentral (SI) ta pant i formuesgode du eig, blant anna eigedom og beløp som står på bankkontoen din.

Det kan også bli trekt ein sum kvar månad frå lønna eller trygda di. Du risikerer og å få betalingsmerknad i kredittregister, noko som vil gi deg problem med å få nye lån.

Eigedelar det er tatt pant i kan bli tvangsselt

Lån frå Lånekassen blir gitt utan tryggleik. Dersom du ikkje overheld betalingspliktene dine til Lånekassen, kan det bli tatt pant i eigedelane dine. Det betyr at for eksempel leilegheita di blir sett som tryggleik for at lånet ditt blir betalt. Dersom du heller ikkje betaler etter at det er tatt pant i leilegheita di, kan Statens innkrevingssentral (SI) krevje at leilegheita blir tvangsselt og pengane frå salet vil gå til innbetaling av studielånet ditt. Du må i tillegg betale kostnaden ved tvangssalet.

Dersom du betaler det du ligg på etterskot med, vil oppseiinga av lånet bli oppheva og saka blir trekt tilbake frå SI. Lånekassen beheld likevel pantet, enten til du har betalt ned heile lånet ditt, eller til pantet går ut. Dersom du har behov for å få sletta pantet før dette, må du ta kontakt med SI.

Skal du selje eigedom det er tatt pant i, må du ta kontakt med SI for å få informasjon om vilkår for sletting av pant ved sal.

Pantet kan slettast

Lånekassen beheld pantet til den går ut på dato, eller til du betaler inn heile lånet. Pantet kan også bli fornya.

Dersom du har betalt det du ligg på etterskot med (forfalle beløp), kan du søke om å få sletta pantet. Du må i så fall sende eit brev til Statens innkrevingssentral (SI), og grunngi kvifor du ønsker å få sletta pantet.

Klage

Dersom det er gjennomført utleggsforretning, for eksempel at du har fått trekk i lønna, og du ønsker å klage over avgjerdsla, må du sende klaga til Sl.

Har du spørsmål om pant, må du ta kontakt med SI.

Aktuelt regelverk