Varige betalingsproblem

Dersom du har varige betalingsproblem, kan vi hjelpe deg å finne løysingar. Ta kontakt før problema veks seg store.

Oppseiing av lånet ditt

Dersom du ikkje betalar, og heller ikkje søker om utsetting, vil lånet ditt bli sagt opp. Då overtar Statens innkrevingssentral (SI) innkrevjinga av lånet.

Har du sjekka kva rettar du har?

Det første du bør gjere når du får betalingsproblem, er å sjekke kva ordningar Lånekassen har for deg som har låg inntekt.

Lånekassen kan slette renter på lånet ditt for ein periode dersom du har hatt låg inntekt og vore i ein situasjon som gir rett til sletting av renter. Du kan få betalingsutsetting i same periode. Det betyr at lånet ditt blir «frose» for denne perioden. Dette kan løyse eit betalingsproblem av kortare varigheit. Les meir om sletting av renter.

Dersom betalingsproblema skuldast at du har blitt ufør, kan du få heile eller delar av gjelda sletta. Les meir om sletting av gjeld for uføre låntakarar.

Er du ute av stand til å betale gjelda di?

Dersom du har økonomiske vanskar, kan du søke om å få ein betalingsavtale, ei gjeldsordning, eller å få sletta (ettergitt) heile eller ein del av lånet. Det er Statens innkrevingssentral (SI) som behandlar slike søknadar på vegne av Lånekassen, og du må derfor sende søknaden til dei. Dette gjeld anten lånet ditt er overført til SI eller ikkje.

Legg ved dokumentasjon som viser den økonomiske situasjonen din. Søknadsskjema og meir informasjon om kva regler som gjeld, finner du på www.sismo.no.

Du kan også ringe SI på telefonnummer 75 14 90 00 for å få vite kva reglar som gjeld og korleis du søker. Dersom lånet ditt enno ikkje er overført til SI, må du be om å få snakke med dei som jobbar med gjeldsordningar. Sei at det gjeld eit 629-krav.

Merk at ei slik løysing normalt føreset at du ikkje har rett til betalingsutsetting i Lånekassen. Du bør altså først undersøke om du har rett til utsetting hos Lånekassen.

Søk gjeldsordning hos SI

Dersom du er i ein situasjon som gjer at du varig vil være ute av stand til å nedbetale gjelda di, kan du søke Statens innkrevingssentral om gjeldsordning.

Gjeldsordning betyr at du kjem til ein avtale med alle kreditorane dine om at du nedbetaler ein del av gjelda og får sletta resten. Reglane i gjeldsordningsloven gjeld som utfyllande regelverk.

Når du søker om gjeldsordning, må du legge fram dokumentasjon som viser den økonomiske situasjonen til både deg sjølv og eventuell ektefelle eller sambuar. Dette kan du få hjelp til av gjeldsrådgivaren i kommunen din. 

Dersom du ønsker å søke om gjeldsordning, må du ta kontakt med Statens innkrevingssentral (SI) på telefon 75 14 90 00.

Korleis kan du søke råd og hjelp?

Kontakt gjeldsrådgivaren i kommunen din. Kommunal rådgivning er gratis, og du har rett til å få hjelp.

Gjeldsrådgiveren kan mellom anna hjelpe deg med dette: 

  • Sette opp eit hushaldsbudsjett
  • Gjere tilpassingar i økonomien
  • Orientere deg nærmare om rettane dine
  • Hjelpe deg med å søke om gjeldsordning

Statens innkrevingssentral (SI) kan også gi deg råd og rettleiing, uavhengig av om lånet er sagt opp eller ikkje. Telefon 75 14 90 00.

 

Aktuelt regelverk