Kven blir rekna som busett og yrkesaktiv i Finnmark og Nord-Troms?

For at vi skal rekne deg som busett i regionen, må du både vere folkeregistrert der og faktisk bu der.

Du treng ikkje å vere heiltidstilsett for å bli rekna som yrkesaktiv

For at vi skal rekne deg som yrkesaktiv, må du oppfylle minst eitt av punkta under

  • arbeid i minst 50 prosent stilling
  • fulltidsarbeid i minst seks månader av oppteningstida og registrert arbeidssøkar hos Nav i dei resterande seks månadene
  • har omsorg for barn født i 2014 eller seinare, eller har særleg tyngande omsorgsplikter i nærmaste familie.
  • har studiepermisjon med stipend eller lønn tilsvarande minst 50 prosent av full stilling, der lønna blir betalt av ein arbeidsgivar i regionen
  • er tilsett i transportsektoren, på skip, oljeleitingsfartøy eller faste installasjonar på kontinentalsokkelen og er busett i regionen.

Dersom du er sjukmeldt i perioden, reknast denne tida med i oppteningsperioden.

Som yrkesaktive reknast òg dei som i heile eller delar av arbeidstida arbeider frå heimekontor i tiltakssona, og der arbeidsgivars verksemd ligg utanfor tiltakssona.

Kven blir ikkje rekna som yrkesaktiv?

Du blir ikkje regna som yrkesaktiv hvis du i oppteningsperioden for eksempel har vært fulltidsstudent, har avtjent førstegangsteneste eller har vært elev ved en militær skole. Da har du heller ikkje rett på å få redusert gjeld.