Søknad om sletting av gjeld for grunnskolelærarar i Finnmark og Nord-Troms

Dette søker du om

Du søker om å få sletta inntil 20 000 kroner av studielånet ditt, fordi du arbeider som lærar i grunnskolen i Finnmark eller utvalde kommunar i Troms.

Dokumentasjon

Du treng ikkje å sende inn eigen dokumentasjon, men arbeidsgivaren din skal stadfeste i søknaden at du oppfyller krava.

Behandlingstid

Søknader om sletting av gjeld blir behandla av ein saksbehandlar. Derfor må du rekne med litt ventetid før du får svar på søknaden. Per i dag er behandlingstida på 4-6 veker.

Last ned søknad