Reduksjon av gjeld for legar i utvalde kommunar

Du kan få sletta inntil 30 000 kroner i året dersom du jobbar i ein av dei utvalde kommunane.

Kva for kommunar gjeld det?

Troms og Finnmark: Gratangen og Ibestad

Nordland: Rødøy, Nesna, Bø, Øksnes, Evenes, Vega, Flakstad, Moskenes og Andøy

Trøndelag: Leka, Røyrvik, Høylandet og Lierne

Møre og Romsdal: Aure

Ordninga gjeld også for låntakarar som har vore yrkesaktive legar i dei tidlegare kommunane Torsken og Berg i Troms, Tysfjord i Nordland og Fosnes i Trøndelag.

Dersom du bur og jobbar i Finnmark eller Nord-Troms, kan du søke om sletting av gjeld på grunnlag av det.

Kven kan søke?

Det er berre yrkesaktive legar i dei aktuelle kommunane som kan få sletta gjeld i denne ordninga. Det er fylkeslegen som avgjer kven som er yrkesaktive i desse kommunane.

Du treng ikkje å bu i kommunen.

Du må ha vore yrkesaktiv i ei oppteningsperiode på tolv månader før du kan søke.

Kor mykje blir gjelda redusert med?

Du kan få sletta inntil 20 prosent av det opphavlege studielånet ditt, altså gjelda du hadde då du begynte å betale tilbake. Maksbeløpet du kan få sletta er 30 000 kroner i året.

Dette gjeld oppteningsperiodar som startar frå 1. januar 2022. 

Kva er søknadsfristen?

Du må søke innan tre månader etter at du har fullført oppteningsperioden.

Korleis søker eg?

Du bruker same søknad som for sletting av gjeld i Finnmark og Nord-Troms

Gå til søknaden