Avbryte fastrenteavtale

Du kan avslutte fastrenteavtalen mellom den 10. og den 17. annankvar månad.

Avtalen om fast rente kan seiast opp i dei same periodane du kan søke om fast rente. Du seier opp ved å logge deg inn på Dine sider og fylle ut eit skjema.

Kostnadar ved å avbryte avtalen om fast rente

Når du avsluttar fastrenteavtalen din, bereknar vi rentetap/rentegevinst av det. Det betyr at du kan få meir eller mindre i gjeld, avhengig av avtalen du har og kva for renter som gjeld no. Du kan sjå kor mykje det eventuelt vil koste å avbryte fastrenteavtalen på Dine sider under «avbryt avtale om fast rente». Les meir om rentetap og rentegevinst.

Du kan seie opp avtalen om fast rente seks gongar i året

Du kan avslutte fastrenteavtalen mellom den 10. og 17. annankvar månad:

  • 10.–17. februar
  • 10.–17. april
  • 10.–17. juni
  • 10.–17. august
  • 10.–17. oktober
  • 10.–17. desember

Søkeperiodane for å avslutte fastrenteavtalen er dei same som for å inngå nye fastrenteavtalar.

Du må vente i to månader med å inngå ein ny avtale om fast rente etter å ha avbrote

Når du avsluttar ein fastrenteavtale, er du forplikta til å ha flytande rente i minst to månader, før du kan binde renta på nytt. Du kan ikkje gå ut av ein fastrenteavtale og inn i ein ny fastrenteavtale i den same søknadsperioden. Dersom du først avsluttar og deretter søker om ein ny fastrenteavtale ved neste anledning, vil du i praksis få tre månader med flytande rente.

Du kan heller ikkje avslutte ein eksisterande fastrenteavtale dersom du allereie har inngått ein ny avtale om fast rente. Du kan avslutte den nye fastrenteavtalen i neste søknadsperiode.

Avbryt avtale om fast rente