Gebyr og forseinkingsrenter

Dersom du ikkje betalar rekninga i tide, kan du få purregebyr og forseinkingsrenter. Får du rekninga på papir, må du også betale eit fakturagebyr.

Gebyr i Lånekassen

Lånekassen har følgande gebyr:

  • Purregebyr – første purring: 280 kroner
  • Purregebyr – andre purring: 490 kroner
  • Gebyr for rekning på papir: 18 kroner per rekning

Gebyr som ikkje er betalt, blir lagt til på neste rekning.

Størrelsen på gebyra er fastsett i Lånekassens forskrifter og er politisk bestemt.

Kva er gjeldande forseinkingsrente?

Forseinkingsrenta blir fastsett to gongar i året av Finansdepartementet. Den følger styringsrenta til Norges bank med eit påslag på 8 prosentpoeng. Er styringsrenta på 2 prosent, blir altså forseinkingsrenta sett til 10 prosent. Sjå regjeringa si nettside for å sjå kva forseinkingsrenta er no. Sjå regjeringa si nettside for å sjå kva forseinkingsrenta er no.

Så mykje kostar forseinkingsrentene deg

Betaler du rekninga for seint, bereknar vi forseinkingsrenter på det beløpet du skulle ha betalt. Renta blir lagt til beløpet frå den første dagen etter forfallsdato, og fram til du betalar rekninga di. Forseinkingsrentene kjem i tillegg til purregebyret.

Dersom du har eit terminbeløp på 2500 kroner, vil det med 12,5 % forseinkingsrente bli lagt til 85 øre per dag per terminbeløp. Fram til lånet ditt blir sagt opp, har det blitt lagt til ca. 160 kroner totalt i forseinkingsrenter.

Dersom lånet ditt blir sagt opp, vil det etter oppseiinga bli rekna forseinkingrenter på heile gjelda di. Har du for eksempel ei gjeld på 410 000 kroner, vil ein månad med forseinkingsrenter utgjere nesten 4300 kroner.