Rentetap og rentegevinst

Dersom du betaler inn ekstra eller bryt avtalen om fastrente, bereknar vi om Lånekassen tener eller tapar renteinntekter på det, og trekk frå eller legg til beløpet på lånet ditt.

Kva er rentetap/rentegevinst?

Rentetap eller rentegevinst kallast også underkurs/overkurs og er ei berekning av om Lånekassen tener eller tapar pengar i renteinntekter på at du betaler ned gjelda di raskare eller avbryter fastrenteavtalen.

Når du inngår ein avtale om fast rente, forpliktar du deg til å følgje ein fastsett nedbetalingsplan i heile perioden du har fast rente. Dersom du vel å betale ned lånet raskare eller avbryt fastrenteavtalen, justerer vi gjelda di sånn at du verken tener eller taper pengar på det. 

Korleis bereknar vi rentetap eller rentegevinst?

Renta på fastrenteavtalen din samanliknast med renta på nye avtalar med like lang løpetid som det er igjen av bindingstida for avtalen din. Dersom resten av bindingstida er ulik løpetida for nye avtalar (3, 5 og 10 år), bruker vi ein rentesats som passar best mogleg. Dersom du for eksempel har fire år igjen av fastrenteavtalen, legg vi til grunn ein rentesats som er gjennomsnittet av ein ny 3-årsavtale og ein ny 5-årsavtale.

Dersom fastrenteavtalen din har ei høgare rente enn nye avtalar, tapar Lånekassen renteinntekter på at du betalar raskare eller bryt avtalen. Beløpet Lånekassen tapar, blir lagt til på gjelda di.

Har fastrenteavtalen din lågare rente enn tilsvarande nye avtalar, tener Lånekassen renteinntekter på at du betaler raskare eller bryt avtalen. Då blir det tilsvarande beløpet sletta frå gjelda di.

I kva tilfelle bereknar Lånekassen rentetap og rentegevinst?

Vi bereknar rentetap/rentegevinst når du ikkje følger den fastsette betalingsplanen ved å betale ekstra eller ved å avbryte avtalen om fast rente.

Vi reknar det som ekstra innbetaling om du

  • betaler meir enn du skal på rekninga
  • betaler ned på lånet ditt utan at du har fått ei rekning
  • innfrir lånet (betaler ned heile gjelda på éin gong)

Avtalen om fast rente blir broten om du

  • seier opp avtalen sjølv, ved å søke om det på Dine sider
  • får støtte frå oss til ny utdanning
  • misligheld lånet ditt og gjelda blir overført til Statens innkrevingssentral