Vær på vakt mot svindel

Ver på vakt mot svindelforsøk

Lånekassen ber aldri om kredittkortinformasjon, sikkerheitskodar, kopi av ID-kort eller kontonummer via SMS eller e-post, og vi sender aldri rekningar på e-post.

Du bør alltid logge deg inn på Dine sider dersom du er usikker på om du har fått ei ekte rekning eller når du skal oppgi informasjon til Lånekassen.
Det skjer dessverre frå tid til annan at det blir sendt ut SMS eller e-post frå nokon som gir deg ut seg for å vere Lånekassen. Hensikten kan vere å svindle til seg pengar eller privat informasjon.

Logg inn på Dine sider

For å beskytte deg mot svindel, anbefaler vi at du aldri gir frå deg opplysningar utan å vere logga inn på Dine sider.
På Dine sider finn du også oversikt over dei siste fakturaene vi har sendt deg og alle innbetalingar vi har mottatt frå deg.

Er du utsett for eit svindelforsøk?

Dersom du trur du er utsett for eit svindelforsøk, er det viktig at du ikkje oppgir noko av informasjonen som blir etterspurt. Ikkje svar på e-posten, og ikkje trykk på lenker eller vedlegg.

Dersom du har oppgitt person- eller bankopplysningar etter å ha mottatt ein e-post, bør du sperre kort og kontoar så raskt som mogleg.

Ta kontakt med Lånekassen dersom du trur du er utsett for eit svindelforsøk. Du kan kontakte oss på telefon 21 49 60 00 eller sende ein e-post til postmottak@lanekassen.no eller via Dine sider. Send oss gjerne ein kopi av den mistenkelege meldinga.

Lånekassen ser alvorleg på slike saker og politimelder tilfelle der vårt namn er brukt i forsøk på svindel.