Rapportere endringar i studiebelastninga

Sist oppdatert: 25.03.2019
Du må melde frå dersom ein elev utan ungdomsrett endrar antall undervisningstimar og/eller årstimar. Du rapporter endringar på arbeidsflata for lærestadene.

Meld endringar for elevar utan ungdomsrett 

  • Elevar utan ungdomsrett får lån og stipend ut frå kor mange årstimar dei tek. Dersom ein elev utan ungdomsrett begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, må de melde inn endra studiebelastning for denne eleven.  
  • Dersom de ikkje melder frå om at ein elev utan ungdomsrett sluttar i fag, kan dette føre til eleven får for mykje lån og stipend. Konsekvensen av dette kan bli at eleven feilaktig blir registrert som forseinka i utdanninga, og det kan også føre til at eleven får meir lån enn forventa.
  • Dersom de ikkje melder frå om at ein elev utan ungdomsrett begynner i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, risikerer eleven å få mindre lån og stipend fra Lånekassen enn vedkommande har rett til. 

Ikkje meld endringar for elevar med ungdomsrett

  • Elevar med ungdomsrett som tek vidaregåande opplæring i Noreg, får ikkje redusert lån og stipend frå Lånekassen sjølv om dei tek utdanning på deltid. 
  • Dersom ein elev med ungdomsrett begynner eller sluttar i eitt eller fleire fag undervegs i studieåret, skal de ikkje melde inn endra studiebelastning for denne eleven.
Lånekassen gir vanlegvis støtte ut frå kva studiebelastning eleven har. I somme tilfelle gjer vi unntak frå dette og gir fulltidsstøtte sjølv om eleven tek utdanning på deltid. 
Les meir om unntaka som kan gi rett til fulltidsstøtte her .