Kor mykje kan eleven få i støtte?

Sist oppdatert: 20.04.2020
Kva du kan få og kor mykje du kan få, avhenger av kva for utdanning du tek.

Du får utbetalt lån og/eller stipend når trafikkskolen har bekrefta at du har starta på 140 timer grunnutdanning.

Dersom du berre tek 140 timer grunnutdanning, kan du få:

  • Basislån i seks veker som tilsvarar 13 100 kroner.
  • Skolepengelån og utvida skolepengelån til yrkessjåførutdanninga tilsvarande det du faktisk betaler for 140 timar grunnutdanning.

Dersom du tek 140 timar grunnutdanning og førerkort klasse C/CE/D, kan du få:

  • Basislån i seks veker som tilsvarar 15 720 kroner.
  • Skolepengelån for eit heilt studieår som tilsvarar inntil 66 604 kroner.
  • Utvida skolepengelån til yrkessjåførutdanninga som tilsvarar inntil 40 760 kroner.