Søk godkjenning for kvart nye 140 t. grunnutdanningskurs

Sist oppdatert: 21.04.2020
Når ein trafikkskole skal starte opp eit nytt 140 t. grunnutdanningskurs, må du som jobbar ved trafikkskolen søkje om å få utdanninga godkjent for utdanningsstøtte.

I studieåret 2020-2021 kan Lånekassen gi støtte til 140 t. grunnutdanning for persontransport (bussjåfør), godstransport (lastebil- og vogntogsjåfør), og førarkort klasse C/CE/D dersom det blir teke i samanheng med grunnutdanninga.

For at eleven skal ha rett til utdanningsstøtte til både 140 t. grunnutdanning og førarkort klasse C/CE/D, må han ha begynt på/ha teke førarkortet inntil 12 månader før grunnutdanninga startar.

Du som jobbar ved trafikkskolen må derfor sende inn ein søknad om godkjenning kvar gong skolen din skal starte opp eit nytt 140 t. grunnutdanningskurs. Søknad kan sendast elektronisk eller i posten. Lånekassen sender ei stadfesting på e-post når utdanninga er godkjent for støtte. Klikk her for å finne søknadsskjema til trafikkskolar.

Lånekassen gir ikkje utdanningsstøtte til 35 timar kompetanseutvidingskurs

Elevane kan berre få utdanningsstøtte til person- eller godstransport, ikkje begge deler. Dersom de får inn søknader for elevar som berre skal ta 35 timar kursa, eller ta kurset i samanheng med førarkortet, skal de avvise søknaden med følgjande avvisingsgrunn: «Søkeren tar en utdanning som ikke er støtteberettiget i Lånekassen».


Er du elev ved ein trafikkskole og skal bli yrkessjåfør? Søk her