Folkehøgskolen sine oppgåver

Sist oppdatert: 21.04.2020
Her finn de informasjon om kva oppgåver folkehøgskolane må utføre, slik at elevane får utbetalt lån og stipend frå Lånekassen.

Plikt til medverknad

Alle lærestader som tilbyr utdanning som er godkjent for utdanningsstøtte i Lånekassen, har plikt til å medverke til gjennomføringa av utdanningsstøtteordningane. Les meir i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg.

Utdanningsstøtte etter forskrifta sin del 3

Unntak for visse elevar

Somme elevar bruker av retten til vidaregåande opplæring (ungdomsretten) når dei går på folkehøgskole. Dei elevane som bruker av ungdomsretten når dei går på ein folkehøgskole, har rett til lån og stipend etter andre del i forskrifta. Les meir om utdanningsstøtte etter del 2.

  • Desse elevane må bruke papirskjema for å søkje om lån og stipend.
  • Det er derfor viktig at du tek kontakt med oss dersom du har elevar som bruker av ungdomsretten på folkehøgskole, slik at vi får sendt eit papirskjema til dei aktuelle elevane.


Rapporter til Lånekassen

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at eleven har møtt ved lærestaden, og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte.

Avbrott og endring

De må melde frå til Lånekassen om endringar som kan påverke eleven sitt lån og stipend.

Rapporter fullført utdanning

Folkehøgskolar må rapportere fullført utdanning (eksamensdata) til Lånekassen. De skal rapportere fullført utdanning snarast mogeleg etter semesterslutt, eller avslutta utdanning. Frist for å rapportere er 1. juli.

På arbeidsflata kan de lese meir om korleis de rapporterer dette.