Grunnskoleopplæring

Sist oppdatert: 21.04.2020
Lånekassen kan gi lån og stipend til elevar som tek grunnskoleopplæring. Det som avgjer kva søknad eleven skal bruke, er om eleven har ungdomsrett eller ikkje.

Ungdomsrett er retten eleven har til vidaregåande opplæring. Retten gjeld frå eleven går ut av ungdomsskolen og ut det studieåret som begynner det året eleven fyller 24 år. Det er mogeleg å ta seg friår undervegs, eller bytte utdanningsprogram. Lånekassen kan ikkje svare på spørsmål om kva elevar som har ungdomsrett.

Elevar utan ungdomsrett - opplæringsloven § 4A-1 første ledd

Første ledd omfattar elevar som:

  • Er over opplæringspliktig alder
  • Treng grunnskoleopplæring
  • Ikkje har ungdomsrett

Elevar utan ungdomsrett skal bruke «Søknad for høgare og anna utdanning» når dei søkjer om lån og stipend. Lån og stipend blir gitt etter del 3 av forskrift om utdanningsstøtte

Elevar med ungdomsrett - opplæringsloven § 4A-1 andre ledd

Andre ledd omfattar elevar som:

  • Har behov for meir grunnskoleopplæring for å kunne fullføre vidaregåande opplæring
  • Har ungdomsrett (opplæringsloven § 3-1)

Elever med ungdomsrett skal bruke «Søknad for vanleg vidaregåande opplæring» når dei søkjer om lån og stipend. Lån og stipend blir gitt etter del 2 av forskrift om utdanningsstøtte.

Elevar med ungdomsrett har rett til utstyrsstipend

Elevar som har ungdomsrett og som tek grunnskoleopplæring etter opplæringsloven § 4A-1 andre ledd, har rett til utstyrsstipend. Elever utan ungdomsrett har ikkje rett til utstyrsstipend.

Hjelp eleven:

Vel rett søknad og kontroller i arbeidsflata

Vi anbefaler at de hjelper elevane med å velje rett søknad og sende denne til Lånekassen. Alle søknader som kjem inn i arbeidsflata for lærestadene, må i tillegg kontrollerast av dykk.

Kvifor er det viktig at eleven bruker rett søknad?

Det er fleire forskjellar på lån og stipend etter del 2 og del 3 i forskrift om utdanningsstøtte. Fordi det er ulike ordningar for lån og stipend, er også vilkåra for tildeling av lån og stipend ulike. Dersom eleven har brukt feil søknad, må du avvise søknaden og be han/henne om å søkje på nytt.