For studentar

Sist oppdatert: 20.04.2020
Søk om stipend og lån frå Lånekassen.

Det er lurt å søkje tidleg om lån og stipend, slik at får du pengar til studiestart.

Gå til søknaden

Få informasjon på Facebook

Slik søkjer du

Så mykje lån og stipend kan du få

Du kan få inntil 11 229 kroner i basislån per månad i studieåret 2020-2021. Inntil 40 prosent av lånet kan bli gjort om til stipend.

Slik skjer omgjering av lån til stipend

All utdanningsstøtte frå Lånekassen blir utbetalt som eit lån, men inntil 40 prosent av basislånet kan bli gjort om til stipend.

Les meir om korleis omgjering fungerer.

11 månader med utdanningsstøtte per studieår

Ein søkar som tek universitets- og høgskoleutdanning og fagskoleutdanning, har rett til lån og stipend i 11 måneder per studieår når visse vilkår er oppfylt. Vilkåra finn du forskrift om utdanningsstøtte § 72.

Studerer du berre i høstsemesteret, får du ikkje den ekstra utbetalinga. Studerer du om våren, får du den ekstra utbetalinga.

Deltidsstudentar og elevar får lån og stipend i 10 måneder.