For elevar på ungdomsskole

Sist oppdatert: 20.04.2020
Du kan få stipend på vidaregåande.

Skal du begynne på vidaregåande skole, kan du søkje om stipend frå Lånekassen. Du søkjer på lanekassen.no. i juli, når du har fått skoleplass og takka ja til den.

Så mykje stipend kan du få

Utstyrsstipend til alle elevar

Når du startar på vidaregåande, kan du få utstyrsstipend, men du må søkje om det.

Utstyrsstipendet er meint å hjelpe til å dekkje utgifter til skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. Du får 1 071 kroner, 1 611 kroner, 2 597 kroner, eller 4 412 kroner per år, avhengig av kva utdanningsprogram/programområde du tek.

Les meir om utstyrsstipend

Bortebuarstipend til elevar

Må du bu borte frå foreldra dine, kan du ha rett til bortebuarstipend på inntil 4 603 kroner per månad. Les meir om bortebuarstipend.

Inntektsavhengig stipend til elevar i familiar med svak økonomi

Inntektsavhengig stipend avheng av økonomien til foreldra dine og er på anten 1 114 kroner, 2 228 kroner eller 3 344 kroner per månad.

Les meir om inntektsavhengig stipend.

Les meir om kor mykje stipend du kan få

Slik søkjer du om stipend

Du søkjer om stipend på lanekassen.no. når du har fått skoleplass.

Sjå korleis du søkjer

Ein søknad for alle stipend

Du bruker same søknad for alle våre stipend.