For elevar på vidaregåande

Sist oppdatert: 20.04.2020
Elevar kan få stipend frå Lånekassen.

Alle elevar i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend, somme elevar får bortebuarstipend, og somme får inntektsavhengig stipend. Er du over 18 år og bortebuar, kan du søkje om lån.

Så mykje stipend kan du få

Utstyrsstipend til alle elevar

Når du startar på vidaregåande, kan du få utstyrsstipend, men du må søkje om det.

Utstyrsstipendet er meint å hjelpe til å dekkje utgifter til skolemateriell, som for eksempel leige av PC, kjøp av bøker eller kokkeklede. Du får 1 071 kroner, 1 611 kroner, 2 597 kroner eller 4 412 kroner per år, avhengig av kva utdanningsprogram/programområde du tek.

Les meir om utstyrsstipend

Bortebuarstipend til elevar

Må du bu borte frå foreldra dine, kan du ha rett til bortebuarstipend på inntil 4 603 kroner per månad. Les meir om bortebuarstipend.

Inntektsavhengig stipend til elevar i familiar med svak økonomi

Inntektsavhengig stipend blir vurdert opp mot økonomien til foreldra dine og er på anten 1 114 kroner, 2 228 kroner eller 3 344 kroner per månad.

Les meir om inntektsavhengig stipend.

Les meir om kor mykje stipend du kan få

Søk om stipend når du har fått skoleplass

Du kan søkje om stipend og lån frå Lånekassen for neste studieår dersom

  • du har fått skoleplass
  • og har takka ja til plassen

Elevar som får skoleplass, kan søkje i juli. Står du på venteliste, kan du først søkje i august.

Les meir om korleis du søkjer om stipend og når du får pengane

Slik får du pengane

Du får svar på søknaden på Dine sider. Er du over 18 år, signerer du avtalen sjølv. Er du under 18 år, må ein forelder signere avtalen for deg.

Får du lån til skolepengar, kjem avtalen i posten, og du og ein forelder må signere saman.

Slik signerer foreldre til elevar under 18 år

Foreldre/verje skal signere avtalen om lån og stipend til elevar under 18 år. Vi treng berre signatur frå ein av foreldra. Les meir om foreldresignering på lanekassen.no. Elever over 18 år signerer avtalen sjølv.