Har ein elev/student fått rekning frå oss?

Sist oppdatert: 17.02.2017
Elever/studentar som ikkje får stipend og lån frå oss, må betale på lånet sitt. Lånet er berre rente- og avdragsfritt så lenge eleven/studenten får støtte.

Dersom elevar/studentar tidlegare har fått lån og stipend frå Lånekassen, men ikkje lenger får det, må dei betale på lånet sitt. Dette gjeld også sjølv om dei framleis er i utdanning.

Det kan vere ulike årsaker til at eleven/studenten har fått rekning frå Lånekassen.