Endring i reglar om studiebelastning

Sist oppdatert: 27.04.2020
Frå og med studieåret 2020-2021 vil det ikkje lenger vere eit krav at deltidsstudentar må ta minst 50 prosent av fulltidsutdanninga for å ha rett til lån og stipend.

Søkarar som tek utdanning i Noreg, vil frå haustsemesteret 2020 kunne få lån og stipend ut frå den reelle studiebelastninga som dei har. Studerer deltidsstudenten for eksempel 40 prosent av ei fulltidsutdanning, har han, etter nytt regelverk, rett til 40 prosent av beløpet ein heiltidsstudent får.

Kravet om minst 50 prosent studiebelastning fjernast, det samme gjeld dagens regel om at deltidsstudenten får anten 50, 67 eller 75 prosent av det beløpet ein fulltidsstudent får. 

Kven blir omfatta av regelendringa

Regelendringa gjeld dei som mottek lån og stipend etter forskrifta sin del 3.

Det gjeld for eksempel: 

  • Elevar i videregåande skole utan ungdomsrett
  • Universitets- og høgskolestudentar
  • Fagskolestudentar 

Utdanning i utlandet må vere på fulltid uansett utdanningsnivå. Elevar ved vidaregåande skole som har ungdomsrett får ikkje mindre lån og stipend sjølv om dei går på skolen på deltid. 

Livslang læring

Regelendringa blir innført fordi regjeringa ønsker å stimulere fleire til å ta ansvar for eiga læring gjennom heile livet, slik at det blir meir vanleg med p��fyll av kompetanse når det trengst. Det skal bli enklare å få finansiering av livsopphald under utdanning samtidig som ein er i jobb. 

Endring i regler om studiebelastning
Frå og med studieåret 2020-2021 vil det ikkje lenger vere eit krav at deltidsstudentar må ta minst 50 prosent av fulltidsutdanninga for å ha rett til lån og stipend.
Søkarar som tek utdanning i Noreg, vil frå haustsemesteret 2020 kunne få lån og stipend ut frå den reelle studiebelastninga som dei har. Studerer deltidsstudenten for eksempel 40 prosent av ei fulltidsutdanning, har han, etter nytt regelverk, rett til 40 prosent av beløpet ein heiltidsstudent får.
Kravet om minst 50 prosent studiebelastning fjernast, det samme gjeld dagens regel om at deltidsstudenten får anten 50, 67 eller 75 prosent av det beløpet ein fulltidsstudent får. 
Kven blir omfatta av regelendringa
Regelendringa gjeld dei som mottek lån og stipend etter forskrifta sin del 3.
Det gjeld for eksempel: 
· Elevar i videregåande skole utan ungdomsrett
· Universitets- og høgskolestudentar
· Fagskolestudentar 
Utdanning i utlandet må vere på fulltid uansett utdanningsnivå . Elevar ved vidaregåande skole som har ungdomsrett får ikkje mindre lån og stipend sjølv om dei går på skolen på deltid. 
Livslang læring
Regelendringa blir innført fordi regjeringa ønsker å stimulere fleire til å ta ansvar for eiga læring gjennom heile livet, slik at det blir meir vanleg med påfyll av kompetanse når det trengst. Det skal bli enklare å få finansiering av livsopphald under utdanning samtidig som ein er i jobb.