Ny forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte

Sist oppdatert: 16.04.2020
Ny forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg tredde i kraft 15. april 2020. Samtidig blei rundskriv F-01–19 oppheva.

Forskrifta regulerer vilkåra for at Lånekassen skal kunne godkjenne utdanningar i Noreg for utdanningsstøtte, på bakgrunn av søknad frå lærestadene som tilbyr utdanningane. Vilkåra gjeld inntil dei blir oppheva. Vedtak om godkjenning for utdanningsstøtte skal gjelde inntil vilkåra ikkje lenger er oppfylte.

Den nye forskrifta er meint å auke føreseielegheita, tilgjengelegheita og brukartilpassinga for lærestadene og søkjarane. Forskrifta inneheld og vidarefører vilkåra for godkjenning som var regulerte i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte for undervisningsåret 2019-2020. I tillegg regulerast:

  • Varigheita av retten til lån og stipend for søkjarane, dersom utdanninga ikkje lenger oppfyller vilkåra for å bli godkjent.
  • Lærestadene si plikt til å melde frå om vesentlege endringar i utdanningane som kan ha tyding for godkjenninga.

Forskrifta finn du her 

Regulering av konsekvensane dersom ei utdanning mistar godkjenninga

Tidlegare har ikkje konsekvensane av at ei utdanning mistar godkjenninga vore regulert i forskriftene. I den nye forskrifta § 2 tredje ledd går det fram at retten til lån og stipend skal vare ut det starta semesteret dersom utdanninga ikkje lenger oppfyller vilkåra for godkjenning.

Godkjenningar utan tidsavgrensing og plikt til medverknad frå lærestadene

Vilkåra for godkjenning for utdanningsstøtte i den nye forskrifta, er vidareført frå forskrift om tildeling av utdanningsstøtte for undervisningsåret 2019-2020. Det som er nytt, er at godkjenningsvedtaka skal gjelde inntil vilkåra ikkje lengre er oppfylte.

Alle lærestader som tilbyr utdanningar som er godkjent for utdanningsstøtte i Lånekassen, har plikt til å medverke til gjennomføringa av utdanningsstøtteordningane, sjå utdanningsstøtteloven § 21. Lærestadene må blant anna melde frå kontinuerleg om vesentlege endringar i utdanningane som kan ha tyding for godkjenningane, sjå forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg § 6. Lærestadene må sjølv gjere ei konkret vurdering av kva endringar dei meiner kan ha tyding for godkjenninga.

I tillegg vil det framleis vere nødvendig at lærestadene gir annan informasjon om utdanningane etter retningslinjer frå Lånekassen. Dette skal bidra til å sikre ei korrekt forvaltning av utdanningsstøtteordningane. Ved innføring av ny forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte blir Rundskriv F-01–19 oppheva.  Lånekassen overtek ansvaret for å informere lærestadene om innhaldet i medverknadsplikta.