Vi stengjer kundemottaka våre

Sist oppdatert: 24.04.2017
Frå og med 1. mai 2017 vil det ikkje lenger vere mogeleg å besøkje kundemottaka til Lånekassen.

Vi har hatt kundemottak i lokala våre i Oslo, Stavanger, Bergen, Ørsta, Trondheim og Tromsø. Årsaka til at vi no stengjer desse, er at vi vil prioritere å hjelpe kundar i andre kanalar.

Vi hjelper gjerne på telefon eller e-post

Lånekassen har god tilgang for kundar som har behov for å ta kontakt med oss.

Vi kan bli kontakta på telefon 21 49 60 00, måndag til fredag kl. 09.00–15.00. Kundane våre kan også logge seg inn på Dine sider på lanekassen.no og sende oss ein e-post derifrå.

Stadig færre oppsøkjer oss

Det kjem få, og stadig færre, kundar til kundemottaka våre. Ei kartlegging av besøkande i fjor viste at dei kundane som oppsøkjer oss, i hovudsak har problemstillingar som kan løysast over telefon eller i e-post.

Vi håper de vil hjelpe oss med å vidareformidle at det ikkje lenger vil vere mogeleg å besøkje kundemottaka til Lånekassen etter 1. mai.