Nye omgjeringsreglar for studentar i høgare utdanning

Sist oppdatert: 20.04.2020
Frå og med studieåret 2019-2020 blei reglane for omgjering frå lån til stipend endra.
Nynorsk 
Nye omgjeringsreglar for studentar i høgare utdanning
Frå og med undervisningsåret 2019-2020 blei reglane for omgjering frå lån til stipend endra. Dette betyr at ein student som tek høgare utdanning må fullføre ei av utdanningane nedanfor for å få gjort om inntil 40 prosent av lånet til stipend: 
bachelor- eller mastergrad. 
profesjonsutdanning (medisin, veterinær, psykologi og presteutdanning.
Høgskolekandidat.
4-årig yrkesutdanning (grunnskolelærarutdanningane for 1.-7. trinn, 5.-10. trinn og faglærarutdanning).
praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
vidareutdanning i sjukepleie: helsesjukepleiar, jordmor, anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie.   
Så lenge studenten tek ein grad, er det inga endring i kor mykje som blir gjort om til stipend. 
Dette er fordelt slik: 
25 prosent av lånet (omgjeringslån) blir gjort om til stipend på bakgrunn av bestått eksamen.
15 prosent av lånet (gradsomgjeringslån) blir gjort om til stipend på bakgrunn av bestått grad.
For å ha rett til omgjering må studenten også bu borte frå foreldra sine, i tillegg til å ha inntekt og formue under grensene. 
Full omgjering når grada er bestått 
Omgjeringslånet (25 prosent) kan gjerast om til stipend kvart år, når Lånekassen mottek informasjon om inntekt og formue frå skatteetaten. 
Dei resterande 15 prosentane, gradsomgjeringslånet, vil først bli gjort om etter at heile grada er bestått. 
Lærestadene rapporterer inn beståtte gradar til DBH (Database for statistikk om høgre utdanning) to gonger i året (15. februar og 15. oktober). DBH kontrollerer gradane, og deretter sender dei filer med beståtte gradar til Lånekassen. Først når filene frå DBH er lesne inn hos Lånekassen, vil studenten kunne sjå grada inne på Dine sider. Dette kan ta inntil fire veker. 
Sjølve gradsomgjeringa skjer når Lånekassen mottek informasjon om inntekt og formue frå skatteetaten, følgjande sommar/haust. 
Dersom studentane har spørsmål kan de vise dei til Lånekassen.

Dette betyr at ein student som tek ein universitets- eller høgskoleutdanning må fullføre ei av utdanningane nedanfor for å få gjort om inntil 40 prosent av lånet til stipend: 

  • bachelor- eller mastergrad
  • profesjonsutdanning (medisin, veterinær, psykologi og presteutdanning.
  • høgskolekandidat.
  • 4-årig yrkesutdanning (grunnskolelærarutdanningane for 1.-7. trinn, 5.-10. trinn og faglærarutdanning)
  • praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)
  • vidareutdanning i sjukepleie: helsesjukepleiar, jordmor, anestesi-, barne-, intensiv-, operasjons- og kreftsjukepleie

Så lenge studenten tek ei grad, er det inga endring i kor mykje som blir gjort om til stipend. 

Dette er fordelt slik:

  • 25 prosent av lånet (omgjeringslån) blir gjort om til stipend på bakgrunn av bestått eksamen.
  • 15 prosent av lånet (gradsomgjeringslån) blir gjort om til stipend på bakgrunn av bestått grad.

For å ha rett til omgjering må studenten også bu borte frå foreldra sine, i tillegg til å ha inntekt og formue under grensene.

Full omgjering når grada er bestått 

Omgjeringslånet (25 prosent) kan gjerast om til stipend kvart år, når Lånekassen mottek informasjon om inntekt og formue frå skatteetaten. Dei resterande 15 prosentane, gradsomgjeringslånet, vil først bli gjort om etter at heile grada er bestått. Lærestadene rapporterer inn beståtte gradar til DBH (Database for statistikk om høgre utdanning) to gonger i året (15. februar og 15. oktober).

Her blir gradane kontrollert, og deretter sendast filer med beståtte gradar til Lånekassen. Først når filene frå DBH er lesne inn hos Lånekassen, vil studenten kunne sjå grada inne på Dine sider. Dette kan ta inntil fire veker. 

Sjølve gradsomgjeringa skjer når Lånekassen mottek informasjon om inntekt og formue frå skatteetaten, følgjande sommar/haust. 

Dersom studentane har spørsmål kan de vise dei til Lånekassen.