Fagopplæring i skole

Sist oppdatert: 21.04.2020
Fagopplæring i skole (Vg3) er eit tilbod til elevar som ikkje har fått lærlingplass.

Desse elevane får opplæring i faget ved skolen, i staden for i ei bedrift. Dei har ikkje status som lærlingar, og har rett til lån og stipend som vanlege elevar.

Søk om godkjenning av fagopplæring i skole 

For å få utdanninga godkjent for utdanningsstøtte frå Lånekassen, må skolen sende inn opplysningar om utdanninga. Oppgi:

  • kor lenge opplegget varer (start- og sluttdato)
  • sommarferieperiode (start- og sluttdato)
  • programområde
  • om kurset er tiltenkt voksne elevar eller elevar med ungdomsrett

Send e-post til .

De får melding når vi har godkjent utdanninga for utdanningsstøtte.  

Viss de skal starte opp nye fagopplæringskurs må de søkje om å få utdanninga godkjent for utdanningsstøtte. Dette gjeld også viss det nye fagopplæringskurset tilhøyrer same programområdet.

Lån og stipend til elevar i fagopplæring i skole

  • Desse utdanningane avvik ofte frå det vanleg studieåret når det gjeld kor lenge dei varer. Elevane har rett til lån og stipend i så mange månader som dei deltek i undervisninga.
  • Elevane har til vanleg rett til fullt lån og stipend med utstyrsstipend. Storleiken på utstyrsstipendet er avhengig av programområdet.

Dersom eleven får læreplass

Dersom eleven får læreplass i løpet av perioden, må du melde frå om avbrot for eleven. Eleven må då søkje om lån og stipend på nytt som lærling.

Lånekassen gir ikkje lån og stipend til læreplasskurs

  • Læreplasskurs blir tilbodne som eit tillegg til ordinær opplæring, og deltakarane har ikkje elevstatus når dei deltek på kursa. Elevstatus er eit vilkår for lån og stipend frå Lånekassen. Sjå forskrift om utdanningsstøtte § 15.
  • Opplæring ved offentleg vidaregåande skole må følgje ein offentleg godkjent læreplan. Læreplasskurs inneheld ikkje undervisning som følgjer offentleg godkjente læreplanar (Kunnskapsløftet). Les meir om kva slags utdanning vi gir lån og stipend til i forskrift om godkjenning av utdanningsstøtte i Norge.
  • Læreplasskursa har ulik lengd på inntil 13 veker. Dette er for kort tid til at Lånekassen kan gi støtterett. Les meir om krav til lengda til utdanningane i forskrift om godkjenning av utdanningsstøtte i Norge.