Endring i rapportering av fråvær

Sist oppdatert: 30.07.2020
Lærestadene skal ikkje lenger rapportere fråvær til Lånekassen.

Elevar som har fråvær på meir enn 20 skoledagar per semester, beheld retten til lån og stipend. Regelendringa om at ingen lærestader skal melde fråvær til Lånekassen gjeld frå og med haustsemesteret 2020.

Fram til studieåret 2020-2021 har lærestadene vore pliktige til å melde frå til Lånekassen om ulegitimert fråvær over 20 skoledagar per semester, då høgt fråvær kunne påverke eleven sin rett til lån og stipend.

Denne regelen har omfatta elevar som har følgt obligatorisk undervisning, hovudsakleg elevar i grunnskole og vidaregåande opplæring.

Lærestadene skal framleis melde frå når eleven avbryt utdanninga, og eleven pliktar å melde frå om endringar som kan påverke utbetalinga av lån og stipend.

Endring i rapportering av fråvær under koronapandemien

I samband med koronasituasjonen vedtok Kunnskapsdepartementet at lærestadene ikkje skal melde fråvær for elevane sine for vårsemesteret 2020. Lærestader som har meldt fråvær for elevane tidlegare i vårsemesteret 2020 treng ikkje korrigere dette i arbeidsflata for lærestadene. 

Her kan du lese meir om rapportering av fråvær under koronasituasjonen.