Lærestaden sine oppgåver

Sist oppdatert: 21.04.2020
Her finn du informasjon om kva oppgåver dei vidaregåande skolane må utføre, slik at elevane får utbetalt lån og stipend frå Lånekassen.

Plikt til medverknad

Alle lærestader som tilbyr utdanning som er godkjent for utdanningsstøtte i Lånekassen, har plikt til å medverke til gjennomføringa av utdanningsstøtteordningane. Les meir i forskrift om godkjenning for utdanningsstøtte i Noreg.

Utdanningsstøtte etter forskrifta sin del 2

Utdanningsstøtte etter forskrifta sin del 3 

Rapporter til Lånekassen

Klargjer søknader på arbeidsflata

Før Lånekassen kan behandle somme av søknadene, må de gi eller stadfeste opplysningar i desse søknadene. Dette kallar vi å klargjere ein søknad.

Ved nokre lærestader blir alle søknadene sende til arbeidsflata for klargjering, mens ved andre lærestader blir berre ein del av søknadene sende til arbeidsflata.

Frammøte

Ved semesterstart haust og vår må de rapportere at eleven har møtt fram på lærestaden og begynt å følgje undervisninga. Les meir om korleis de rapporterer frammøte.

Avbrott og endring i studiebelastning

De må melde frå fortløpande til Lånekassen om endringar som kan påverke eleven sitt lån og stipend.

Nytt frå undervisningsåret 2018–2019  
Frå undervisningsåret 2018–2019 skal de ved lærestadene ikkje lenger melde inn endring i studiebelastning for elevane som har ungdomsrett, fordi dette ikkje lenger påverkar kor mykje støtte eleven har rett til.  
Elevar med ungdomsrett får full støtte til vidaregåande opplæring i Noreg, sjølv om dei tek utdanning på deltid. 

Les meir om endring i studiebelastning  

Gjeldande utdanningar

  • Éin gong i året må de sende oss melding om kva utdanningar de har fått godkjenning for i Lånekassen tidlegare, og som de skal fortsetje å tilby det kommande studiesåret.

  • Vi sender melding om dette på arbeidsflata for lærestader i januar.

  • For dei lærestadene som er tilknytte Vigo, får vi opplysningar om dei fleste utdanningane direkte frå Vigo. Dersom vi får alle opplysningane frå Vigo, treng de ikkje å rapportere utdanningar. Dersom vi ikkje får alle opplysningane frå Vigo, må de rapportere desse opplysningane. Dei aktuelle lærestadene får dette som ei oppgåve i arbeidsflata.

Les meir om årleg rapportering av utdanningar

Opprette ny utdanning

  • Dersom de skal opprette ei ny utdanning og er tilknytte Vigo, vil vi som regel få opplysningar om dette frå Vigo.

  • Somme typar utdanningar må de søkje om godkjenning for, for eksempel vaksenopplæring og fagopplæring i skole.

  • Opplysningar om fagopplæring i skole må de sende per e-post, ikkje gjennom ein søknad i arbeidsflata. Les meir om korleis de går fram for å søkje om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte.

  • Ver merksam på at opplæring som blir sett i gang av Nav, eller i samråd med Nav, ikkje gir rett til lån og stipend frå Lånekassen, jf. § 5, bokstav c i forskrift og godkjenning for utdanningsstøtte.

  • "Søknad om godkjenning av utdanning for utdanningsstøtte" finn de på arbeidsflata.