Støtte til kroppsøving for elevar med vaksenrett

Sist oppdatert: 23.09.2019
Elevar med vaksenrett kan no få støtte til kroppsøving, sjølv om dei har fritak frå dette faget.

Frå og med undervisningsåret 2019–2020 kan vaksne med rett til vidaregåande opplæring etter opplæringslova § 4A-3 (vaksenrett), få støtte til kroppsøving sjølv om dei har fritak frå opplæring i faget etter forskrift til opplæringslova § 1-13.  

 Det er fylkeskommunane som avgjer om ein elev har rett etter opplæringslova § 4A-3 (vaksenrett). Det er berre elevar med vaksenrett som har rett til støtte til kroppsøving sjølv om dei har fritak.  

Fullføringsrett gjeld vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring både med og utan vaksenrett. Dersom ein vaksen utan rett blir tilbydd plass, har vedkommande rett til å fullføre.  

Vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring med vaksenrett  

Vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring med vaksenrett, skal dykk markere Ja for i feltet Voksenrett når de klargjer søknader i arbeidsflata. 

  • Elevar kan ha vaksenrett frå og med året dei fyller 25 år.
  • Vaksenrett gjeld for dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande i Noreg, eller eit anna land, men ikkje fullført vidaregåande opplæring.  
  • Vaksenrett gjeld også for dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent denne opplæringa i Noreg.  

Her kan du lese meir om vaksenrett

Vaksne som er tatt inn til vidaregåande opplæring utan lovfesta rett   

Vaksne som fylkeskommunen har tatt inn til vidaregåande opplæring utan at dei har lovfesta rett til dette, skal dykk ved klargjering av søknader IKKJE stadfeste vaksenrett for i arbeidsflata. Dette kan vere vaksne søkjarar utan rett som har fullført, men ikkje bestått vidaregåande opplæring, og søkjarar utan rett som har studie- eller yrkeskompetanse. 

Skal eg oppgi kroppsøving når eg fyller inn fag og timar?  

Lånekassen bereknar automatisk støtte for kroppsøving til elevar med vaksenrett. Det betyr at de ikkje skal leggje til kroppsøving som fag når de klargjer søknaden for ein elev som har fritak for kroppsøving.

Dersom eleven tar faget kroppsøving, skal de legge til faget og årstimar når de klargjer saka.